Det var saklege og godt gjennomtenkte meiningar. Dei negative verknadane gjekk mellom anna på: Endring av landskapet sin karakter, friluftslivet, fuglelivet, bumiljøet, støy, skuggekasting, reiselivet, næringslivet og risiko for nedgang i folketalet.

Dette burde i eit demokrati ha vore nok tilbakemelding i ei høyringsrunde. Men NVE innvilga likevel konsesjon den 23.06.2008.

Dette var før den nye plan- og bygningslova (PBL) trådde i kraft og konsesjon i seg sjølv var den gong ikkje nok. Haram Kraft måtte utarbeide reguleringsplan og sende kommunen for godkjenning saman med søknad om endring av kommunen sin arealplan for Haramsfjellet, som var LNF-område. Alle ville få høve til å vareta sine interesser gjennom den kommunale planprosessen.

Vedtaket om konsesjon vart klaga inn for departementet (OED), mellom andre av kommunen. Den 01.07.2009 trådde den nye PBL i verk. OED avviste klaga og heldt oppe vedtaket om konsesjon den 14.12.2009 og gjorde seg no nytte av ei regelendring i den nye PBL: «I medhald av lov om planlegging og byggesaksbehandling § 6–4 tredje ledd vedtar Olje- og energidepartementet at det endelege konsesjonsvedtaket av dags dato utan vidare skal ha verknad som statleg arealplan.»

OED brukte ei lovendring som trådde i kraft etter at konsesjonsvedtaket var gjort til å endre ein viktig føresetnad for vedtaket. Folket vart fråtekne retten til å uttale seg til endring av arealplanen og til søknad om reguleringsplan. Dette må vere brot på §97 i Grunnlova: «Inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft.»

I tillegg må det vere brot på forvaltningslova §34, som slår fast at eit klagevedtak ikkje kan endrast til skade for klagaren. Her er klagevedtaket om å nytte statleg arealplan i staden for kommunal reguleringsplan og arealplan, klart til skade for dei som klaga på konsesjonsvedtaket, dei vart fråtekne rett til påverknad i ein kommunal planprosess. I tillegg vart fagetatar fråtekne rett til å kome med motsegn.

Taaleri Energia bør vere fullt informert om at konsesjonen mest truleg vil bli erklært ugyldig etter departementet sin gjennomgang, eventuelt etter rettssak.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!