Ikkje ein av dei med vestleg utsjånad svara dei hadde lese Koranen, så dei veit kva dei slost for – 2 hadde «lese litt». Ja, av dei andre var det faktisk berre eit par erklærte muslimar som sa dei hadde lese den.

Etter all mobiliseringa var det forbausande få motdemonstrantar. Nesten alle var unge, og anslagsvis 2/3 med ikkje-vestleg utsjånad, men snakka godt norsk. Eg gjettar på 2. generasjon innvandrarar.

Eit par jenter meinte at grunnen til eg kunne vera negativ til Islam, måtte vera min kristendom. Då eg fortalde eg var ikkje-religiøs, måtte årsaka til skepsisen vera framandhat. Men eg har hatt fleire utlendingar frivillig tettare innpå livet enn dei fleste. Då døyde samtala ut.

Ein – truleg innfødd – hadde ikkje lese Koranen, men vart så sint då eg peika på feil i det han sa, at han gav meg ordre om å forsvinna. Då eg ikkje lystra, gjekk han. Folk med informasjon som ikkje stemte med det han ynskte å tru, var det berre å forakta.

Ein sto med ein plakat mot spreiing av hat. Eg spurde om han såg ironien i å bruka slik tekst til stønad for ei bok som står for rasisme og valdsfremjing, og med vers som 60/4.

Han skjøna ikkje kva eg snakka om – hadde ikkje lese boka. Eg fortale at i 60/4 seier den muslimske(!) profeten Abraham at det har oppstått evig fiendskap og hat mellom muslimane og dei «vantru» – ei utvitydig hatærklæring han ikkje demonstrerte mot. Opplysninga var ukjend, men interesserte ikkje – det var tydeleg ikkje hat eller rasisme han gjekk mot, men spreiing av negativ informasjon om Islam.

Liknande var symptomatisk for heile gruppa. Ikkje eit einaste ord om faktiske feil i kva SIAN fortalde – så langt eg kan vurdera, og eg kjenner sakene bra, var alle Sian sine faktaopplysningar rette, og inga slik opplysning vart korrigert. Berre det tilsikta belastande – og i alle fall under denne appellen usanne – påstanden: «Rasisme!!!»

Ja, alt frå «motdemonstrantane» var monomane påstandar om rasisme, ispedd nokre om fasisme og nazisme. Det var og nokså ironisk frå tilhengarar av den muligens mest (religions) rasistiske og valdsfremjande boka det er lov å selja i Noreg, og med klare parallellar til mange punkt i Mein Kampf. Og det stadige ropet: «Ut av min by!!» – Islam sin by, slik Sian spår?

Men korrekte fakta er ikkje rasisme, sjølv om dei er negative for nokon.

Vel, bortsett frå brøling, gjekk det heile nokså roleg for seg. Men eg såg ingen av dei korrekte politikarane som har stått fram og ville forby Sian og slik informasjon. Brølinga om rasisme, nazisme, etc., har nådd fram, og dei bryr seg tydelegvis ikkje om å sjekka påstanden. Jau, Sian har gjort verbale overtramp, men har lært – og informasjonen deira er rett: Islam har ein sterkt rasistisk, valdeleg og undertrykkande ideologi. Koranen forbyd integrasjon med andre. Islam har vide reglar for lovleg uærlegdom. Etc. Og ikkje minst: Det er klare prov for at det ikkje er sant at Koranen er ord frå ein gud – t.d. alle dei faktiske feila i boka ingen gud ville gjera.

Og eg minner om det gamle ordet: «Også djevelen kan ha rett av og til». Utan samanlikningar elles: Sjølv om appellen til Sian hadde vore rasistisk, kan sjølv rasistar ha rett innimellom. Det er heilt tydeleg at dei fleste «antirasistane» ikkje var reelle antirasistar, for den einaste «rasisma» dei slost mot, er spreiing av negativ informasjon om Islam. Informasjon der i alle fall under denne appellen alt var korrekt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!