Den 31. august er den nye flagglova ute på høyring i stortinget. Regjeringa med høgre i spissen går inn for ei ny lov der ein kan flagge på offentlege bygningar med andre flagg/symbol enn det norske flagget.

Dette vil verke splittande på det norske samfunnet. Det vil redusere norsk identitet og skape ideologisk strid. Målet er vel at det norske flagget er skal ut.

La lova vere slik den er i dag. Vi er glade i flagget vårt og i landet. La Noreg framleis vere eit kristent land med Guds signing!

Det norske flagget representerer likestilling, fridom og mangfald. Difor treng vi ikkje regnbogeflagget eller andre interesseorganisasjonar sitt flagg.

Du kan gå inn på regjeringen.no/no og seie meininga di. Det er svært viktig.

Ei anna lov som er på trappene er hatkriminalitet lova. Den vil føre til brot på ytringsfridomen. I fylje den nye lova så kan ein ikkje seie at det er berre to kjønn slik som bibelen seier. Dei transseksuelle kan føle seg støytte og ein kan få inntil tre års fengsel.

Truls Olufsen Melhus som er fylkesleiar for KrF i Troms og Finnmark har tatt opp kampen mot denne lova. Han seier bestemt at der er berre to kjønn og at eksperimenteringa med kjønnsskifte er farleg og feil. Dersom ein ikkje ein gong kan stole på sanninga om kjønn, kva kan ein då stole på?

Truverdet til helseministeren minskar raskt. Han går etter Folkehelseinstituttet sine retningslinjer når det gjeld Covid19, men ikkje når FHI kritiserer eksperimentell behandling av born og unge med kjønnsdysfori.

Melhus seier: «Vi risikerer vår tids største medisinske skandale med våre born og ungdom som eksperimentets laboratorierotter. Korleis er det mogleg? Med villa politikk fremma av transaktivistar, skeive interesseorganisasjonar og skeive teoriar og radikal marxisme om retten til å definere sitt eige kjønn.»

At borna lærer på skulen om kjønnsmangfald når det ikkje er evidensbasert kunnskap, då er det villa politikk. Når eit barn får irreversibel medisinsk behandling så er det også villa politikk.

Vi må stå opp for sanninga og for borna sin rett til vern, og for trus- og ytringsfridomen! Er pubertetsblokkene reversibelt? Det er det ikkje! Det skapar sjukdomstilstand i friske kroppar, sterilisering, depresjonar og i verste fall sjølvmord.

Myndigheitene er med på å øydelegge liv og vi vil be helseministeren stoppe denne galskapen. Det er på tide at folk reiser seg og tek bladet frå munnen. På skatteetaten kan du forandre kjønn om du føler for det og inga utreiing er nødvendig. Dei treng berre ein signatur. Ser vi galskapen i det heile? Noreg har vorte det mest liberale landet i verda på dette området, og det er ei stor skam.

Nok er nok og det er på tide at vi seier stopp før det er for seint. I Stavanger var det ein mann som bestemte seg for å verte dame utan å skifte kjønn. Han gjekk inn i ei kvinnegarderobe og ei kvinne der bad han forsvinne. Mannen melde henne for hatkriminalitet. Så langt er det kome i vårt kjære Noreg!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!