Vi er alle ansvarlege for å planlegge eigen alderdom. Vi må blant anna sørge for at bustaden er best mogleg tilrettelagd. Dessutan må vi oppretthalde best mogleg funksjonsevne gjennom eit aktivt liv. På den eine sida kan vi seie at ein god alderdom startar med ein aktiv barndom. På den andre sida er det aldri for seint å få helseeffekt av å auke den daglege fysiske aktiviteten. Gjennom heile livsløpet må vi investere i vener og sosialt nettverk.

Grete Teigland er direktør, helse og sosial, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Leve heile livet

Aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap er altså viktige stikkord. I dialogmøte om kvalitetsreforma «Leve heile livet» med kommunane i Møre og Romsdal i januar/februar 2019, blei nettopp aktivitet, fellesskap og samskaping teke fram som noko av det første kommunane ville ta tak i.

Stortingsmeldinga «Leve heile livet» framhevar at det er særs viktig med fysisk, kulturell og sosial aktivitet i alderdommen. Desse faktorane er ein nødvendig føresetnad for å kunne ha så god helse og funksjon som mogleg.

Fysisk funksjon er ferskvare. Eldre som ikkje er tilstrekkeleg fysisk aktive taper funksjon raskt. Det som er bra er at det skal svært lite aktivitet til, før det har positiv effekt på fysisk og kognitiv funksjon, og på lyst og evne til sosial deltaking. Fysisk og sosial aktivitet er gjensidig forsterkande. Einsemd kan vere helseskadeleg. Det er eit folkehelseproblem. Samtidig kan det å trivast i sitt eige selskap, ha tid til refleksjon og restitusjon vere helsefremjande. Fellesskap må ikkje bli ei ny plikt.

Demografiutfordringa

«Å vite hvordan man skal eldes, er den høyeste visdom og en av de aller vanskeligste sidene ved livskunsten,» seier filosof og forfattar Henri Frédéric Amiel.

Vi står framføre store demografi-utfordringar. Frå 2020–2040 vil talet på eldre over 80 år doble seg. Derfor må vi sjølv ta tak. Vi må førebygge svikt i helsa og halde kontakten med familie og vener. Ansvaret kviler på oss alle. Samtidig veit vi at mange eldre er einsame og isolerte, noko som altså har negativ påverknad på helse og funksjon.

Mange har familien langt borte og i alderdommen er det mange nære personar som har falle frå. Det er ikkje alle som er i stand til å ta initiativ til å oppretthalde eit sosialt nettverk med familie, venner, tidlegare kollegaer og personar i nærmiljøet. Her kan dei frivillige vere ein viktig ressurs.

Det ligg ein meirverdi og glede i å engasjere seg for andre og i å skape tillit mellom menneske. At folk engasjerer seg og tar ansvar i nærmiljøet, førebyggjer einsemd og byggjer fellesskap.

Helsefremming

Å fremje folket si helse er eit viktig mål i seg sjølv. Å skape meir velferd og livskvalitet for den enkelte. Folket si helse er jo ein av samfunnets viktigaste ressursar.

Samtidig er det viktig å ta med seg at ikkje alt kan førebyggjast. Dei som blir sjuke eller treng hjelp, må ikkje bli utsett for dobbel belastning ved å måtte ta ansvar for at dei har blitt sjuke og hjelpetrengande. Ei oppfatning om at vi skal eldast friske og med stil kan då bli ei ny belastning som truar helsa.

Men er det berre oss sjølve som har ansvar, eller kviler det og eit ansvar på kommunane?

Medverknad

Det er viktig at kommunane involverer innbyggarane i arbeidet med å planlegge og forme nærmiljø og lokalsamfunn, slik at reell påverknad blir mogleg. Dette blei teke opp som ei utfordring av eldreråda i dialogmøta om «Leve heile livet». Det er viktig at eldreråda, ungdomsråda og rådet for funksjonshemma samt innbyggjarane elles deltek aktivt i kartlegging og planlegging av eit trygt og godt nærmiljø.

Alle sektorar må bidra inn i arbeidet med kvalitetsreforma for eldre «Leve heile livet». Arbeidet må starte før ein har behov for helse og omsorgstenester.

Eit samfunn for alle

«Skal vi lykkes med å skape et samfunn som er godt for alle, trenger vi fysiske miljøer som inviterer til aktivitet og møter mellom mennesker, på tvers av alder og funksjonsnivå», heiter det i Håndbok i Aldersvennlig stedsutvikling».

Omgjevnadane har betydning som hemmande eller fremjande for aktivitet, deltaking og fellesskap. Kulturtilbod og tilrettelegging for fysisk aktivitet er ein grunnleggjande kvalitet for alle i ein kommune. Slike viktige møteplassar er ei kjelde til opplevingar, livskvalitet og glede og fremjar både mental og fysisk helse.

Det å vere inkludert i eit meiningsfullt fellesskap, vere ein del av samfunnet og påverke det, er med på å halde oppe sjølvkjensla. Difor er det viktig at familie, vener, naboar, ja, du og eg og heile samfunnet, er med på å skape gode opplevingar i kvardagen, både for oss sjølve – og for andre.