Skal vi endre flagglova? Denne lova regulerer kva flagg kommunane kan flagge med. Utgangspunktet er at berre det norske flagget, det samiske flagget og kommune- og fylkesflagget, kan flaggast med frå kommunen sine flaggstenger.

Departementet vurderar no å gje kommunane større grad å kunne avgjere kva flagg dei vil flagge med.

Lobby-toget arbeider som aldri før med å endre Norge litt etter litt. No skal det opnast for at «regnbogeflagget» skal få plass ved ulike arrangement av allmenn interesse.

Det å tukle med den sterke og symboltunge verdi som det reine, norske flagget står for er utruleg lite smart. Det norske flagget er eit tungt symbol for oss alle, representerer oss alle og utelét ingen.

Vårt flagg med korsmerket i seg signaliserer demokratiet, sjølvråderett, likeverd og ikkje minst rettsstat.

Skal du endre på dette prinsippet må alle stillast likt og bli likebehandla.

Det er ikkje vanskeleg å kunne sjå for seg eit herleg rot når ulike fleirtal i forskjellige kommunestyrer skal tillate flagging frå uike organisasjonar, lag og foreiningar. Alle med kvar sin agenda og med ulike motiv og med vidt forskjellige konsekvensar.

Derfor blir dette ein dårleg ide. Vi oppnår truleg ei lov som vil splitte meir enn ho samlar og føre til endelause debattar i dei mange kommunar.

Håper ikkje vi treng ny tekst til «Norge i rødt, hvitt og blått».

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!