Vindkraftverk på Haramsøy er det største overgrep som er gjort mot eit lite lokalsamfunn i fredstid.

Haram kommune har aldri gått inn for utbygging av vindkraftverk på Haramsfjellet. Kommunestyret i Haram gjorde i august 2019 samrøystes vedtak mot utbygging.

Godkjenning av kai for ilandføring av vindturbinar på Håneset vil vere eit overgrep mot folket på øyane i Haram.

Det er eit like stort overgrep mot folket på Haramsøy som om kommunestyret hadde gjort vedtak om bygging av vindturbinar på Fjellstua og ilandføring på Skateflua.

Det er svært viktig at kommunestyret i Ålesund følgjer opp Haram kommune sine vedtak ved å hindre ilandføring av turbinar på Haramsøy.

Foto: Illustrasjon: Knut Hallvard Ulla

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!