Lesarinnlegg:

«Nok er nok!»

Kommunedirektør Astrid Eidsvik foreslår å redusere talet på omsorgsplasser i Ålesund med 45. Målet er å spare 35 millioner kroner.

Illustrasjon:   Foto: Jarild, Tor

Politikarane berga 12 bokollektivplassar kan ein lese, eg vil heller seie det slik at vi i realiteten har mista 33 plassar

Valborg Haugen
Meninger

I konklusjonen skriv m.a. kommunedirektøren at ein har eit driftsnivå som ikkje samsvarer med budsjettrammene.

Då kan ein vel undre seg på om ikkje det er meir normalt å samsvare budsjettrammene med det faktiske driftsnivået som er. Driftsnivået er vel eit resultat av eit reelt behov får ein tru. Det skal verte interessant å få sjå om reele tal på tilbod og etterspørsel samsvarer, eller om der eksisterer eit gap.

Det er verkeleg prisverdig at Eldrerådet tek på seg denne store og viktige oppgåva som Pensjonistpartiet støttar fullt ut og vi vil gjerne vere medspelar på laget.

Politikarane berga 12 bokollektivplassar kan ein lese, eg vil heller seie det slik at vi i realiteten har mista 33 plassar. Dette er plassar som kommunen så sårt treng i dagens situasjon, og at det truleg vert eit langt større behov etter kvart dersom ein ikkje set inn ressurser som kan redusere noko på hjelpebehovet.

Erfaringsmessig så veit ein at det å halde seg aktiv og gå turar ute i skog og mark gjer godt både fysisk og psykisk, men det kan vere tider på året der enkelte kan kjenne på utfordringar med å få trimma nok. Eit fysisk aktivt liv i alderdommen kan hjelpe mot så mykje og det burde vore ei sjølvfylgje at det offentlege tilrettela for at eldre fekk trene gratis på alle treningssenter m.m. Det hadde spart samfunnet mange pengar og gav dei eldre mindre lidingar.

I denne corona-tida har fokuset vore mest på dei unge sine problem både fysisk og psykisk, og kor vanskeleg det må vere å bli student i eit ukjent miljø.

Må då tenke på at vår generasjon måtte som regel flytte heimanfrå ved 15–16 års alderen for å studere, eller finne seg arbeide. Det var beintøft, her var ingen som møtte opp for å ønske deg velkomen, viste deg til rette, eller som hjelpte deg framføre eksamen, her var ingen lesesal, bibliotek, fritidsaktivitets grupper, nei her måtte ein finne fram så best ein kunne og overleve så best ein kunne.

Så etter eit langt arbeidsliv prøver ein å finne seg til rette i «data alderen» som best ein kan, og har den følelsen av at dette verkar noko kjent den følelsen av å «leite i blinde» på kor ein skal gå for å finne nødvendige kontaktar/kontor.

Det er diverre rett at der er ikkje noko kontor eller avdeling med eit overordna ansvar for eldreomsorg, ein må berre forsøke kvar og ein å leite seg fram til «den beste løysinga». Når vi høyrer at stadig fleire eldre er uroa for kva som vil skje med dei og at brukarperspektivet manglar stort sett over alt, så har vi nok sikkert grunn til denne uroa.

Det forundrar stort at samfunnet slett ikkje ser ut til å ha bruk for dei eldre sine erfaringar og ressursar. Det kan faktisk vere slik at dei eldre ved litt tilrettelegging både kan jobbe litt lengre, verte gode «hjelpelærarar», samarbeidspartnarar, ideskaparar m.m. Mange pensjonistar er utruleg spreke for alderen og svært «oppegåande», både i sinn og skinn.

Må uttrykke det same som ein pensjonert sjukepleiar sa her eine dagen, «det er trist for samfunnet som kunne hatt bruk for alle disse gamlingenes erfaring og ressursar. Et samfunn som forakter sine gamle er et samfunn i forfall».

La oss no saman stå opp for kvarandre og krevje vår rett. Vi vil ha handling og ikkje berre ord frå politikarane våre og vi godtek ikkje nedskjeringar.