Granheim-sagaen, sagaen om seigpining av fagpersonale og pasientar, tårer og fortviling, og ikkje minst steile og hestehandlande politikarar heilt opp til helseministernivå.

Granheim er einaste spesialsjukehuset for lungepasientar i Noreg. Dette vil ein altså leggja ned frå nyttår av utan at eit tilsvarande tilbod er presentert for brukarane.

Tusen hjarteleg takk til politikarar, resirkulerte byråkratar, såkalla rådgjevarar og andre som let NPM, sentralisering, liksomeffektivisering og EØS-direktiv overkøyre fagkunnskap og lang erfaring hjå behandlarar og pasientar, og med det køyrer lungerehabiliteringstilbodet på særs gode Granheim, samt mange andre rehab institusjonar rundt om i distrikts-Noreg, rett i grøfta.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!