Sunnmørsposten sitt oppslag 3. september er det foreløpige klimaks der vi får vite at samferdselsutvalet i fylket vil bruke 25 millionar kr for å lage ei ny rundkøyring for at det nye kontoret i Sykkylven skal fungere trafikksikkert.

Med god grunn brukte Frank Sve frå Stranda sterke ord om vedtaket. I utgangspunktet ville fylke spare nokre hundre tusen ved samanslåing, no kjem ein ny kostnad på 25 millionar.

Nokon i fylkesadministrasjonen må stillast til ansvar, seier Sve. Eg er heilt einig.

Men politikarane har hovudansvaret for galskapen som lagar så stor ulemper for folk i Stranda.

Kva får vi att for denne ulempa. Vi vil få oppleve enno ei rundkøyring i Sykkylven. Denne er så spesiell at det i sentrum av rundkøyringa må kome ein «bauta» til ære for fylket si negative gåve til Stranda.

Etter det eg har fått med meg er bakgrunnen for denne dumskapen at Sykkylven måtte ha nye lokale, då var det smart å flytte kontora i Stranda og lage noko skikkeleg flott. Men dei «kloke» folka som laga avtalen om nye lokale gløymde at det blei uhaldbare trafikkforhold.

Men så kom problemet, dei ville bli ei dyr historie å bryte avtalen om nye lokale og så var det berre ei løysing att, å satse på ei rundkøyring ved den sterkt trafikkerte vegen til og frå Aursnes fergleie.

Saka har så store konsekvensar for Stranda at kanskje er ikkje «siste ord» sagt. Men at prestisjesaka skulle koste 25 millionar var vel ikkje nokon som rekna med.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!