Her finn ein også lenkjer til Lovdata.no med fullstendig og gjeldande regelverk for kvar kommunedel. Desse gjeld inntil nytt regelverk for heile kommunen vert utarbeidd og vedteke. Generelt seier Lov om hundehald i §6 at det er bandtvang frå og med 1. april til og med 20. august. I tillegg kan kommunar ha eigne reglar om bandtvang utover dette, til dømes i beiteområde for storfe, sau, geit eller hest. Førebels gjeld reglane frå dei «gamle» kommunane slik at bandtvangsperioden i beiteområde i hovudsak er som fylgjer (begge datoar medrekna):

Haram: 1. april–20. september

Sandøy: 1. april–15. oktober

Skodje: 1. april–31. oktober

Ørskog: 1. april–1. november

Ålesund: 1. april–20. august (+ delvis heile året)

Over nærmare to sider i Sunnmørsposten den 26. mai i år, meinte Roger Engvik og Frode Grande (leiar i Ålesund Hundeklubb) at mange hundeeigarar ikkje burde hatt hund på grunn av mange brot på bandtvangsreglane og andre reglar.

Også i Ørskog Sankarlag får vi rapportar om liknande tilfelle i dei viktigaste beiteområda som dekkjer om lag all utmark i denne kommunedelen. Ein medlem mista eitt lam på fjellbeite tre år på rad der berre avbitne plastklavar vart funne att. Vi kan ikkje forstå anna enn at ein større hund har stått bak dette.

Tidlegare i sesongen vart ein familie med laus hund tilsnakka. Familiefaren hevda at dei ikkje visste om bandtvangen.

Det står ikkje til truverd når fleire av dei som hevdar at dei ikkje kjenner til bandtvangen, vert observerte på same måten fleire gonger seinare. Ein annan laushund vart observert med ein rypekylling i kjeften.

Ein del hundeeigarar hevdar at nettopp deira hund er snill og ikkje kan gjere nokon skade, inntil det motsette kan bli bevist. Turgåarar har rapportert om lause hundar som knurrar til dei, og i eitt tilfelle har ein turgåar blitt biten.

Saueeigarar har av og til registrert skremde dyr som kjem heimover lenge før vanleg sankedato, eller som vert attfunne på heilt andre plassar enn dei er vande med å halde til. Dei kan ha blitt uroa av folk, men vi held lause hundar som mest sannsynleg årsak. Vi har også fått melding om at hundeeigarar har hatt samling og sleppt hundane sine i rypeområde utan løyve frå grunneigarane.

Til slutt vil vi takka det store fleirtalet av hundeeigarar som oppfører seg eksemplarisk med hund i den fine naturen vår. Vidare vil vi oppmode alle hundeeigarar om å overhalde bandtvangen resten av perioden, og i komande periodar. Rapporter brot, gjerne dokumentert med bilete, til politi, kommune eller lokale beite-/sankarlag.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!