Få asylinnvandrarar fyller slike krav. Bekymring for korleis det då skal gå med velferdsstaten var bakgrunnen for dei to Brochmann-rapportane, «Velferd og migrasjon» frå 2011 og »Integrasjon og tillit» frå 2017. Andre vilkår for eit velfungerande samfunn er sunn økonomi, dvs. at eksportinntektene balansere importen, og ikkje minst at nye generasjonar erstattar dei som fell frå. Framover ser alle desse føresetnadene ut til å svikte.

Nyleg kom Menon-rapporten «Kan Norge tette eksportgapet?», som viste at frå 1995 til no har underskotet i handelsbalansen vår auka relativt meir enn i dei aller fleste OECD-land, når vi ser bort frå olje- og gasseksporten. Berre siste ni åra har gapet mellom import og eksport dobla seg, til 400 mrd. kroner. Dette er meir enn venta årleg avkastning frå oljefondet. Ambassadane og delvis styresmaktene våre er opptekne av alt anna enn målretta arbeid for auka eksport.

NHO kom nyst med sitt vegkart for korleis staten kan minske det aukande gapet mellom utgifter og inntekter. Velferdskutt, svekka stillingsvern og omfattande privatisering av helsetenester var nokre av forslaga. Eg er redd dette kan tvinge seg fram. Då vil Noreg få same utvikling som USA, frå eit velfungerande samfunn med jamn velstand, til eit multikulturelt land med store økonomiske skilje som fell saman med dei etniske. Det er ein livsfarleg, konfliktskapande og samfunnsnedbrytande kombinasjon.

Frå 1970-åra til i dag har vi valt å avslutte 20 % av påbyrja svangerskap, medan vi gladeleg brukar inntil to millionar i året på å overta omsorga for barn som kjem frå «Langtvekkistan».

Vi ville lett ha sikra økonomien, velferdsstaten og framtida om vi siste femti åra hadde gitt tilsvarande stønad til våre eigne, gravide kvinner. Også nordmenn er verneverdige; ja, som gruppe er vi faktisk raudlista som utryddingstrua, iallfall samanlikna med befolkninga i dei landa asylsøkjarane kjem frå.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!