I planprosessen og folkemøtet i 2018 om nytt kloakkanlegg på Kvasnes, gjekk administrasjonen og den politiske leiinga ut og sa at rotnetankar ikkje var aktuelt og at dei var skeptiske til ei slik løysing. Eksperten på luktproblematikk åtvara også sterkt mot slike rotnetankar, og sa at desse ikkje passar i eit bustadområde men må leggast ein annan plass. Dette var viktige argument for at det ikkje blei ein stor diskusjon også om dette den gang.

No har administrasjonen i Sula og Ålesund Kommune funne ut at vi treng ein stad å gjere av slammet, og i Sula skal politikarane vedta om Kvasnes skal utgreiast som lokalitet for 2 stk. rotnetankar som skal romme 2 million liter. I formannskapet gjekk dette samrøystes gjennom, men eg trur ikkje dei rakk å sette seg heilt inn i kva dei stemde for.

For; sidan eit evt kloakkreinseanlegget ikkje vil stå ferdig på lenge, så har det ikkje hast med å greie ut dette. Da vore det berre ein stor ekstra kostnad tillagt kloakkreinseprosjektet, ein kostnad som ikkje er nødvendig enda. Prosjektet med kloakkreinsing vil også bli mykje meir omfattande enn først planlagt. Å legge rotnetankar i eit bustadområde vil føre til uante konsekvensar, sjølv kor mykje vi greier ut på førehand. Og det er her det sunne bondevitet bør ta til.

Rotnetankar har store utfordringar mht lukt. Ein vil ikkje kunne klare krava som er stette til lukt, altså at ein skal kjenne minimalt med lukt under 1 % av tida. Desse rotnetankane vil ha større periodar med driftsstans/vedlikehald og dessutan daglege tøymingar. Dei kan også skumme over. Alt dette og meir til, vil føre til store luktproblem for folk i eit større område. Det vil kunne strekke seg ikkje berre til Kvasnes, men til større kringliggande område både i Ålesund og på Sula. Her er det berre å sjekke kva luktproblematikk som føregår elles rundt slike tankar og anlegg.

Det vil medføre store kostnader å prøve å unngå slik lukt, og vi er ingen garanti for at det lykkast. Er vi villige til å ta ein slik risiko, spesielt når desse tankane faktisk kan ligge kor som helst? Er det da ikkje betre å vente med ei slik undersøking til vi ser kva behovet er, kor stort reinseanlegg som skal byggast og kor dette/desse skal lokaliserast?

No bør også innbyggjarane i Ålesund på bana. Vil dokke ha slike store rotnetankar i nær tilknyting til store bustadområde. Husk at i Ålesund kommune blir ikkje avgjerda om ei slik utgreiing som dette politisk behandla, men kan avgjerast administrativt. Det er berre i Sula at dette skal opp til politisk behandling, og eg håpar at vi tar til vitet.

Kloakkreinseanlegget i si heilskap er også ein stor diskusjon. Korfor ikkje tenkje nytt? Det skal sannsynlegvis byggast tunnelar på Sula i samband med framtidig infrastruktur til Ålesund og kringliggande kommunar. Her burde vi slått to fluger i eit smekk og lage samla planar. Fleire politikarar har tidlegare kome med forslag til plassering, men utan å få fleirtal. Men dette er ein annan diskusjon, eg skal la den ligge akkurat no.

No er det viktig at innbyggjarane står samla i at vi vil behalde gode busetnadsområde, slik dei er og for framtidig utvikling til det beste for dei som skal bu der. Det vil barna våre og deira etterkommarar ønske. La oss ikkje bli huska i ettertid for ei slik generaltabbe.

Dersom ei teoretisk undersøking konkluderer på papiret med noko anna enn at dette er mogleg, og at dette igjen fører til at rotnetankane vert bygd, så har vi faktisk ingen angrerett.

Derfor må vi seie ei klart og tydeleg nei til vidare undersøkingar på Kvasnes om rotnetankar. Noko anna vil vere galskap. Så får vi sjå kva resultatet blir i Sula kommunestyre. Eg kryssar fingrane for at politikarane rekk å setje seg grundig inn i saka og tar eit rett val.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!