Dette stemmer ikkje. Faktisk krev økologisk landbruk heile 44 prosent meir landareal enn tradisjonelt landbruk, for å produsere same mengde mat.

Det finst ulike stønadsordningar for å gjere det meir attraktivt å drive økologisk. Ei av ordningane er omleggingstilskotet. Storparten av det som vert omgjort til landbruksareal er skog eller myrjord. Desse er begge viktige å verne om i det grøne skiftet. Dagens politikk støttar dermed dei som driv på ein lite miljøvennleg måte.

I dag har Noreg eit mål om at 15 % av all mat som blir produsert skal vere økologisk. Dette målet burde vi fjerne. La heller etterspurnaden bestemme kor mykje økologisk mat vi skal produsere.

Alle må bidra til det grøne skiftet, også bøndene. Men då må vi legge til rette for dei. Fjernar vi støtteordningane til økologisk landbruk vil vi kunne produsere meir mat, og samtidig løyse klimautfordringar!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!