Den kyrkja som står der i dag, vart reist i 1873 etter at kyrkja før denne vart i minste laget og hamna ute på Leikong. Kyrkjegarden tett ved kyrkja står i dag fram som ein velstelt stad og ei pryd for auge.

Det er eit stort og omfattande arbeid å halde bygning og kyrkjegard ved like og i god stand. For eit par år sidan vart første del av arbeidet med måling m.m. av kyrkja innvendig gjort. Eit noko endra fargeval i høve det som var, eit val som dei fleste er glade over.

Ein del av målararbeidet stod til rest. Dette skulle utførast i 2020. Fellesrådet har fått avsett kommunale midlar, men arbeidet er så langt i år ikkje utført.

Eg er så fri å etterlyse det som skal gjerast. Dette innvendige arbeidet er ikkje ferdig. Eg vil prøve å skunde på slik at kyrkja vår står fullt pussa opp på innsida. Eg etterlyser svar frå dei som har ansvaret for dette. Kva er planane framover for å kome i mål? Halvgjort arbeid er ikkje godt nok.

Eg ruslar nokre hundre meter frå kyrkja mot aust. Her finn vi Ørskog sin tusenårsstad – Lerkelunden. Ei godt og rett val gjort for 20 år sidan.

På andre sida av Prestegardsvegen finn vi sjølve prestegardstunet med hus og velvaksne tre. Hovudhuset står tomt, dessverre. Eigaren er Opplysningsvesent sitt fond som har god økonomi.

Hovudhuset er velrenovert på frontsida, men kva med resten? Målingsslite og i høgste grad mode for omfattande vedlikehald. Eigaren «sit» i Oslo, men huset står på Ørskog Prestegard. Her må vi som lokalbefolkning leggje sterkt press på eigaren! Set husa i god stad (hovudhus og stabbur). Den vesle garasjen bør helst fjernast!

Verna bygningar som vi i bygda er stolte av, må takast vare på og framstå som ei pryd for auge. Vi rår ikkje over eigaren sine framtidige tankar om bruken av desse husa. Eit minimum kan vi likevel forlange: Hald bygningane i god stand. Husa treng å haldast ved like og det straks.

Desse tankane er forma og sett saman som eit ope brev til rette instansar som tek avgjerder og kan gjennomføre det eg her har peika på. Lukke til med utføringa av arbeidet!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!