Når det gjeld det som skjer på Haramsøya akkurat no, vindturbinsaka, der utbyggar jobbar for fullt med raskt tempo gjennom myr og fjell, kan eg ikkje skjøne og håpe anna enn at det må ha skjedd ein kraftig og fatal kommafeil i meldingane frå OED og NVE til utbyggar: Knus Haramsøya, ikkje stans utbygginga på fjellet!

Vi høyrer det smell oppe på det kjære fjellet vårt. For kvart smell er det som om ein kan kjenne det djupt i sjela.

Tankane går til alle dyra, fuglane og vegetasjonen som ikkje klarer å forsvare seg og som no blir utsett for eit stort overgrep. Tankar om kor hjelpelause vi er som ikkje kan stille opp for dette overgrepet fordi vi har fått ferdselsforbod og ikkje har anledning til å vere der for å beskytte. Tankar om oss, folket som bur her ute på Nordøyane og korleis dette skal ende. Tankar om kvifor dette skjer og kvifor dei som har makt til å gjere noko verkar så fråverande og lite lydhøyre for kva folket ønskjer. Bøn til Gud om å få styrke og hjelp!

Kor er fornufta opp i det heile? Grønt skifte?

Dette opplevast slett ikkje som noko fornuftig. Ikkje som noko grønt skifte. Store delar av vårt vakre land, som vi elskar, blir omgjort til industriområde. Turbinane gir store skader på ulikt vis i dei ulike prosessane, under produksjon, frakt, tilkome, drift og avvikling.

Slik eg ser det blir landet vårt i stor grad styrt i feil retning. Den er EU-styrt og vi mister meir og meir vår sjølvråderett.

Når det gjeld vindturbinar vil eg påstå at kapitalistar ser sitt snitt til å utnytte den naive politikken vi har for å få subsidiar under flagget «grønt skifte». Noreg blir selt bit for bit til utlandet. Vi betaler dyrt på mange plan. Uopprettelege klima- og miljøskadar skjer. Til de som har fått tillit frå folket til å forvalte våre verdiar, ver snill og spar landet for fleire vindturbinar!

Så tilbake til Haramsøya og mi bøn her: Rett opp kommafeilen straks! Få utbyggar til å stanse arbeidet på fjellet NO! Sjå over konsesjonsprosessane, høyr på oss og gi oss rettferdig behandling! Dei feil og manglar som har blitt avdekka, vil gi grunnlag for å stanse utbygginga på Haramsøya!

Knus Haramsøya ikkje, stans utbygginga på fjellet!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!