Vi veit at tiltak i strandsona er svært strengt regulert, og bygging av ein brei veg over dyrkamark såg vi også på med forferdelse. Åkre er kanskje det beste jordbruksområdet på øya.

Så i vår fekk vi brev frå Mineralforvaltninga om at vi som naboar på førehand skulle få uttale oss om masseuttak som var planlagt på Åkre, eit år etter at arbeidet her starta.

Då skjøna vi at her var ingen ting i orden og klarert! Det var ganske opprørande!

Lover og reglar er til for å regulere tiltak, og der alle berørte partar skal takast omsyn til. Når nokon slett ikkje bryr seg om dette, då ligg det an til konfliktar og oppstyr! Slik skal det ikkje vere ute i distrikta heller.

No var det ynskje om å sprenge i berget for å få bygge ein sveisehall, får vi vite. Det måtte vel vere mogeleg å finne areal for sveisehall utan å gjere så enorme natur inngrep? Parallelt med eksisterande verkstad er eit areal gjort ueigna for jordbruk.

Kan det då vere nødvendig å sprenge vekk heile Hammarsberget til dette formålet?

«Inside information» seier at det nettopp et sjølve steinbrotet som det skal tenast pengar på, og det er klart her ligg an til store inntekter per i dag, og sikkert i mange år framover. Store investeringar skal alt vere gjort, så her vil rimelegvis nye dispensasjonssøknader dukke opp etter kvart, viss dette får halde fram …

Men ved tiltak i dagens samfunn er det slik at søknader skal sendast, konsesjonar og dispensasjonar skal gjevast eller eventuelt avslåast, det skal vere høve til å klage på vedtak, og så skal ein forvente at alt dette blir like seriøst handsama, av dei som har teke på seg ansvaret for denne viktige oppgåva.

Og korleis kan steinbrot verte klarert viss ikkje utskiping av stein er legalt og i orden?

Vi høyrde på lydopptak frå Planutvalet sitt møte, der klage på ulovleg oppstart i berget skulle handterast. Der vart det i ei setning nemnt at ein perifer nabo hadde klaga, men at no skulle jordvollar «skjerme for støyen» … og det var alt! Dette kan ikkje kallast «handsaming». Det er verkeleg å håpe at andre store og viktige saker i kommunen ikkje vert så lettvint og useriøst votert vekk.

Og denne « perifere» naboen bor altså ca. 150 meter frå steinbrotet, og får stadige tordenskrell med tilhøyrande ekko rett inn i heimen. Her hjelper ikkje nokre jordvollar!

Kven som eig kva i dette området er også uklart, fleire firma forvirrar, og avtalar fabrikkert i ettertid er meir enn tvilsomme. Her er ei sjonglering med sannheiter som opprører. Og så vert det insinuert noko om at naboar skal ha fordekte motiv for å protestere mot alt dette. Det er ganske hårreisande.

No finn «den perifere naboen» det uuthaldeleg dagleg å måtte leve i denne ekstreme støyen: Boring i fjell, sprenging og velting av steinblokker nedover fjellsida, eit skrell utan like. Du snakkar om å få redusert livskvalitet! Denne naboen har faktisk kjøpt seg hus ein annan stad, og vil flytte.

Det er horribelt at ein midt i eit jordbruksområde skal finne seg i at noko slikt skjer.

Kommunen si handsaming av heile kaoset er klanderverdig. Dei behandlar ikkje klager reelt, og ser ut til å ha blitt blenda av «fleire arbeidsplassar». Dei som klagar vert sett på som brysomme.

Det er ingen plausibel ide å skulle starte opp eit steinbrot midt på Åkre, i « hjartet av» Haramsøya. Heile landskapet er i ferd med å verte forandra, fylkesmannen nemner fortidsminne som kan ha blitt øydelagde. Dette er eit formidabelt naturinngrep, med alle dei uheldige konsekvensane det medfører.

Og viss bråk og spetakkel fører til at naboar, nære og meir « perifere», ikkje orkar å bu i heimane sin, men ser seg nøydde til å flytte der ifrå, ja, då er noko himmelropande gale.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!