Det mest interessante er at det og gjeld prioriteringar som Framstegspartiet har vore ein viktig del av, til dømes Nasjonalt Transportplan 2018–2029. Sve ser og ut til å ha gløymt at Framstegspartiet har styrt Samferdselsdepartementet og hatt Samferdselsministeren i perioden frå 2013 og heilt fram til januar 2020.

Gjeldande Nasjonal Transportplan 2018–2029 vart lagt fram av ein statsråd frå Framstegspartiet. Det er ein ambisiøs og god NTP som Høgre, Framstegspartiet, KrF og Venstre står bak. Der ligg mellom anna Lerstadvegen og E136 Romsdalen inne med oppstart i første periode og Voldatunnelen i andre periode. Alle prosjekta er viktig for utviklinga av regionen, og eg jobbar kontinuerleg for å realisere prosjekta i tråd med prioriteringa i NTP. Spørsmålet Sve bør stille til sitt eige parti er om Framstegspartiet vil stemme for prosjekta når dei blir lagt fram for Stortinget?

Strekninga Ålesund–Molde med Møreaksen ligg inne som eit prioritert prosjekt med 6 mrd. i andre periode, med mulig oppstart i 2022/23. I tillegg er NTP tydeleg på at det neste store fjordkryssingsprosjektet på E39 i Møre og Romsdal er Hafast. Dette er ei prioritering som legg føringar for arbeidet med desse prosjekta og som er viktig ved rulleringa av ny NTP. Møreaksen og Hafast utfyller kvarandre og vil bidra til å knyte fylket vårt saman. Det er ikkje eit poeng å sette desse viktige prosjekta opp mot kvarandre, men heller bidra til at dei blir realisert. Vi er ikkje ferdig før begge er på plass!

Det blir gjennomført store samferdsleprosjekt av nasjonal karakter i andre delar av landet, utan at det set alle andre prosjekt på vent. Det er opp til oss å klare det i Møre og Romsdal, men då kan vi ikkje gjere som Sve og gå bort frå dei prioriteringane vi har fått gjennomslag for i NTP. Vingling og omkamp fører berre til at våre prosjekt mister prioritet og at midlane blir brukt andre stader i landet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!