Saka som stod på programmet for delar av det planlagde styreseminaret i Helse Midt-Norge onsdag var den framtidige finansieringsmodellen for helseføretaka i regionen frå 2022 og ti år framover.

Det er ei sak som handlar om store pengar og like store kjensler.

For Helse Møre og Romsdal kan det vere snakk om heile 270 millionar meir årleg kvart einaste år framover, pengar som betyr nærare, betre og meir likeverdige helsetenester for innbyggjarane i Møre og Romsdal.

Opne sår

Såra etter omfordelinga i 2012 der Helse Møre og Romsdal miste mellom 90 og 133 millionar kroner årleg verkar framleis, og no er maktkampen om helsekronene i full gang.

Nettopp derfor er det så viktig med ein open prosess fram mot endeleg vedtak mot slutten av året.

Berre at dei kunne tenke tanken om å ta det bak lukka dører er ufatteleg.

Rufsete historie

Føretaket si eiga forhistorie burde åleine ha fått varsellampane til å blinke illraudt.

I 2014 avslørte NRK at føretaket hadde hemmeleghalde sju av 10 styremøte på to månader. Hemmeleg var også eit såkalla styreseminar styret i regionføretaket hadde saman med styret i Helse Nord-Trøndelag.

Same år, i den betente striden om lokalisering av nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal, vart styra i Helse Midt-Norge og Helse Møre og Romsdal samla til hemmeleg møte på Gardermoen for å «kna dei saman» i saka.

Det enda som kjent opp i ei svært klissete røre.

Hemmeleghaldet fekk sitt etterspel etter den opne høyringa i Stortinget, og helseministeren måtte forklare lova for helseføretaket på nytt.

Massivt krav

Eit brev som alle ordførarar i fylket har signert, burde også ha fått alarmen til å gå. Tilliten er allereie tynnslitt. I brevet bad dei derfor blant anna om at det blir full openheit i prosessen om ny finansieringsmodell.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har stilt seg bak det same kravet.

Likevel, altså – styreseminar bak lukka dører.

Ei slik tilnærming er i beste fall fullstendig tonedøv.

Sjølvsagt har helseføretaka lov til å ha styreseminar.

Historie med misbruk

Men den retten har dei fått med ein stor, raud varseltrekant og klare åtvaringar mot misbruk. Historia syner at faren for både overdoser og avhengigheit er overhengande.

Kravet om openheit skal ikkje utholast eller bli omgått ved at styret sine arbeidsoppgåver blir lagt til andre fora enn sjølve styremøtet.

I eit brev sommaren 2015 – etter Helse Midt-Norge sitt famøse hemmeleghald, klargjorde departementet når styreseminar kan nyttast:

  • Når det er behov for å drøfte generelle strategiar og utfordringar

  • For å arrangere aktivitetar som skal gjere styret betre som kollegium

  • Til opplæring av nye styremedlemmar og drøfting av styret si arbeidsform

  • Styret kan også samlast i seminar for å drøfte prosess i enkeltsaker

Med to strekar under seier departementet at det skal haldast styremøte, ikkje seminar, når ei sak blir lagt fram til orientering eller drøfting på eit førebuande stadium.

Unntaka frå regelen om opne møte er ikkje noko leiinga i helseføretaket kan skalte og valte med etter eigne innfall. Slike unntak skal ha heimel i Lov om helseføretak, slik det vart teke inn i lova i 2012.

Tidlegare var det spikra i styringsdokumenta til helseføretaka, heilt sidan helseføretaka gjekk i kortbukse og leika seg med sine første styreseminar i åra etter helsereforma.

Styreproffar frå det private

Heilt frå første dag har nemleg føretaksmodellen gjort at styrer og direktørar i helseføretaka med jamne mellomrom har fått det for seg at dei kan styre helseføretaket som om det var ei privat bedrift.

Betre vart ikkje dette då helseminister Bent Høie (H) sende lokalpolitikarar på dør i byte med styreproffar med nesten all si erfaring frå privat verksemd, heller frå eit oljeselskap eller internasjonal finansbransje som helse.

Sett med næringslivsauge er det klart at openheit i tunge, konfliktfylte prosessar berre betyr plunder og heft. Det blir debattar, kritikk, konfliktar og fakkeltog av slikt.

Det heiter visst demokrati, men effektivt er det slett ikkje alltid.

Derfor altså denne hangen til å ville late att døra bak seg, gå inn i seminarvarmen og styre med sitt i fred.

Men korkje i lovteksten, forarbeida eller presiseringane frå departementet er det noko som seier at ei orientering av den type som styret i Helse Midt-Norge hadde lagt opp til i dag, gir grunnlag for å avvike frå hovudregelen om at styrearbeid skal skje på styremøter - ikkje i seminar.

Heldigvis snudde altså helseføretaket i siste time, og har no bestemt at orienteringa som styret skulle få, skal lagast som ein videopresentasjon som blir tilgjengeleg for folk flest.

Det er det grunn til å rope eit lite «hurra» for.

Fornuft eller juss?

Samstundes er det framleis grunn til å dvele litt til ved det som har skjedd, og då heller ikkje berre ved at styret her var i ei grauttjukk juridisk skodde, og var i ferd med å hamne i farleg farvatn i Helseforetakslova sin ytterkant.

For minst like viktig som jussen er her fornuften.

Kva snev av fornuft ligg det i at styret skulle få ei innføring av faktisk karakter som berre dei skulle få del i? Drøfte realitetane i saka hadde dei uansett ikkje hatt lov til.

Kva er det slags faktainnhald som er av ein slik karakter at folk flest ikkje bør ha tilgang til det?

Det er nærliggjande å tenkje seg at føremålet med seminaret er å etablere større forståing og byggje ei felles kunnskapsplattform framfor handsaminga av ei nokså komplisert sak.

Faktaavklaring - for alle

Offentlegheita har vel like stor nytte av det som styret?

Ein annan ting er at ei slik orientering kan verte farga. Difor må det setjast skarpt lys på den, ikkje gøyme den vekk i mørke krokar på seminar.

Ein heilt klar parallell hadde vi i Møre og Romsdal fylkeskommune denne veka. Der teikna fylkesadministrasjonen opp biletet av den økonomiske situasjonen for fylkestinget sine medlemmar ei eit budsjettsemina.

Skulle det seminaret ha gått for stengde dører? Det har det heldigvis ikkje falle nokon i fylkesadministrasjonen inn å foreslå, sjølv om det sikkert hadde vore meir behageleg og fritt for debatt.

«Dersom styrene ønsker å halde slike seminarer, tilrådast det at møta haldast opne», heitte det i eit brev frå Helsedepartementet til føretaka allereie i 2004.

Den regelen står seg godt enno.

Eit spørsmål om tillit

Helse Møre og Romsdal skal også ha styreseminar om finansieringsmodellen, men hadde lese regelboka sjølv.

Openheit handlar om tillit.

Folk skal ha tillit til at dei som forvaltar fellesgoda våre gjer det slik dei skal. Både prosessar og vedtak blir gjort etterprøvbare med openheit, gjennomsiktigheit og innsyn.

Styreseminar bak lukka dører er berre eigna til å svekke tilliten til styret sitt arbeid og legitimiteten til vedtak.

Særleg stor er faren for det i saker der det står strid, og det allereie er etablert ei førestilling om ein «rigga prosess» der postnummer betyr meir enn fakta og faglege argument.

Men enkelte har tydelegvis litt tungt for det, og slit med å lese lovtekst og å ta signal frå lovgjevar, regjeringa, lokalpolitikarar og innbyggjarar.

Heldigvis vakna helseføretaket sin styreleiar Tina Steinsvik Sund i tide.

No seier føretaket at det ikkje er nokon grunn til å halde dette hemmeleg.

Eit halvhjarta hurra

Eit «hurra» skal ho altså få for det, men så langt er det halvhjarta.

Eg er nemleg redd dette ikkje er siste gong vi ser slike forsøk på hemmeleghald.

Sunnmørsposten skal gjere sitt for at prosessane kjem ut i dagslys.

Så får styret gjerne vere så uformelle dei vil og styre seg sjølv i baren på kvelden — ja, stort sett da.