Kommentar:

Har Helse Midt-Norge endeleg lært?

Ting skjer på seminar, viktige ting også får vi tru — ikkje berre i baren om kvelden. Kva ville likevel ikkje Helse Midt-Norge la folk få vite, men snudde i tolvte time før styret inntok seminarvarmen i ettermiddag.

Trøblete kurs: Det er ny dragkamp om pengane internt i Helse Midt-Norge. Adm. direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Norge må framleis streve med å få alle til å ro i takt. Mistru og hemmeleghald vil ikkje gjere det lettare.  Foto: Staale Wattø

Meninger

Saka som stod på programmet for delar av det planlagde styreseminaret i Helse Midt-Norge onsdag var den framtidige finansieringsmodellen for helseføretaka i regionen frå 2022 og ti år framover.