Derfor trur eg folk flest vart sjokkerte då dei såg kor lite respekt muslimske innvandrarungdommar viste for politiet i Bergen og Oslo for ei tid tilbake.

Men avisa Vårt Land er ikkje sjokkert. På leiarplass 1. september skreiv dei: «Det er lett å forstå sinnet og frustrasjonen til disse få antirasistane som går over streken i møte med Sians menneskefiendtlege ideologi.»

Dette er sterkt misvisande. Dei som brukte vald, var verken få eller antirasistar. Og det var slett ikkje «Sians menneskefiendtlege ideologi» dei reagerte på. I ein NTB-artikkel som Vårt Land sjølv har publisert, stod det ordrett slik: «I en video NTB Scanpix tok opp under demonstrasjonen går det fram at angrepet på Sian-lederen skjedde rett etter at Thorsen omtalte Muhammed som en «falsk profet». Det samme har et vitne bekreftet til VG.»

Vårt Land, som oppfattar seg som ei kristeleg avis, kan vel ikkje vere usamd med Thorsen når det gjeld Muhammed? Viss Vårt Land meiner det er «umenneskeleg» å seie noko slikt om «Profeten», eller jamvel reknar med at Muhammed i si tid fekk ein guddommeleg bodskap, bryt avisa med all kristen tradisjon og truslære. Poenget her er ikkje kva muslimar trur, men kva vi andre skal få lov til å meine og seie høgt.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!