Eg synest det var galt at partiet Venstre som gav Norge eit reelt og levande folkestyre ikkje skulle vere på stortinget. Dette og miljøkampen var hovudårsaka til at eg valte å kjempa for Venstre i Giske kommune frå 1991 til 2007.

Kampen mot vindkraft på Haramsøya er eit bevis på eit farleg sterkt svekka folkestyre i Norge.

Eit samla Ålesund/Haram kommune og Fylkestinget i Møre og Romsdal bad regjeringa om å stoppe utbygginga inntil det er avklart om konsesjonen er gitt på eit lovleg grunnlag. Det er ille at regjeringa prioriterer pengemakta framfor ein klar folkeviljen.

Eg greier ikkje å forstå at sentrumspartia Venstre og KRF kan vere med på dette! Eg trudde at eit reelt og levande folkestyre var ei viktig kampsak for dei. Sentrumspartia utgjer i dag det som var det gamle Venstre som kjempa fram eit reelt og levande folkestyre i Norge.

Eg er født og vokse opp på Haramsøya. Eg er stolt av den kampen folket på Haramsøya fører mot makteliten i Oslo og for eit reelt og levande folkestyre. Dette er ein viktig politisk kamp for heile Norge. Makteliten av byråkrati-makta og pengemakta må ikkje få overkjøre folkeviljen. Då har vi ikkje lengre eit folkestyre i Norge.

Politikarane i kommune, fylke og storting har delegert frå seg for mykje makt til byråkratiet og pengemakta. Det har tatt makta frå eit reelt og levande folkestyre. Kva er då vitsen med å bruke tid og krefter i politikken, spør folket seg. Slik kjem vi inn i ein vond sirkel og folkestyret dør gradvis.

Dør folkestyret, mister vi også fridomen vår.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!