Lesarinnleg

«Eit reelt og levande folkestyre?»

Har vi eit reelt og levande folkestyre i Norge idag?

Protest: Frå ei av markeringane mot det planlagte vindkraftverket på Haramsøy.   Foto: Svein Ove Ekornesvåg/NTB Scanpix

Dør folkestyret, mister vi også fridomen vår.

Jon Hildre
Meninger

Eg synest det var galt at partiet Venstre som gav Norge eit reelt og levande folkestyre ikkje skulle vere på stortinget. Dette og miljøkampen var hovudårsaka til at eg valte å kjempa for Venstre i Giske kommune frå 1991 til 2007.

Kampen mot vindkraft på Haramsøya er eit bevis på eit farleg sterkt svekka folkestyre i Norge.


Leserinnlegg:

«La kraften være»

Den gode og besluttsomme linjen som folk på Haramsøya har stått frem med i striden er imponerende.


Eit samla Ålesund/Haram kommune og Fylkestinget i Møre og Romsdal bad regjeringa om å stoppe utbygginga inntil det er avklart om konsesjonen er gitt på eit lovleg grunnlag. Det er ille at regjeringa prioriterer pengemakta framfor ein klar folkeviljen.

Eg greier ikkje å forstå at sentrumspartia Venstre og KRF kan vere med på dette! Eg trudde at eit reelt og levande folkestyre var ei viktig kampsak for dei. Sentrumspartia utgjer i dag det som var det gamle Venstre som kjempa fram eit reelt og levande folkestyre i Norge.

Eg er født og vokse opp på Haramsøya. Eg er stolt av den kampen folket på Haramsøya fører mot makteliten i Oslo og for eit reelt og levande folkestyre. Dette er ein viktig politisk kamp for heile Norge. Makteliten av byråkrati-makta og pengemakta må ikkje få overkjøre folkeviljen. Då har vi ikkje lengre eit folkestyre i Norge.


Lesarinnlegg:

«Med lov skal landet byggast, og ikkje med ulov øydast»

Det kom fram sterk lokal motstand mot planane om utbygging av vindkraftverk på Haramsfjellet under høyringa i 2005: Kommune, næringslag, idrettslag, ungdomslag, velforeining, fagforeining og einskildpersonar gjekk imot at det vart gitt konsesjon.


Politikarane i kommune, fylke og storting har delegert frå seg for mykje makt til byråkratiet og pengemakta. Det har tatt makta frå eit reelt og levande folkestyre. Kva er då vitsen med å bruke tid og krefter i politikken, spør folket seg. Slik kjem vi inn i ein vond sirkel og folkestyret dør gradvis.

Dør folkestyret, mister vi også fridomen vår.


Stor oppslutning på 50-årsmarkeringen for Mardøla-aksjonen

– Følte vi var nødt til å reagere

– Av og til har politikerne propper i ørene. Da fungerer ikke demokratiet. Jeg følte at det var helt nødvendig å reagere. Det sa Mardøla-demonstrant og tidligere justisminister Odd Einar Dørum under fredagens 50-årsmarkering for Mardøla-aksjonen.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!