Utrekningar frå SSB som er gjort for dei komande 30 åra viser at ungdomen rømmer frå distrikta og inn i storbyane. Dei viser mellom anna til at om lag 60 prosent av alle kommunane forventa å vekse, og 20 prosent har særleg høg vekst på over 15 prosent.

140 kommunar er derimot forventa å få nedgang i folketalet. Nokre kommunar tapar i kampen om folka og nokre kommunar vinn.

Kva handlar det om?

For Senterpartiet sin del så bør denne utviklinga handle om korleis vi skal bruke trendane i tida for å snu denne nedgangen, ved å modernisere gjennom å desentralisere.

Å bu og leve godt i distrikta, i distriktsbyane og litt utanfor det sentrale. Å ha tilgang til tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod også utanfor storbyane.

Koronapandemien har vist oss at det er ein fordel at folk bur spreidd, og at heimekontor kan vere ein løysing for fleire. Vi må tenke nytt og bruke dei moglegheitene den teknologiske utviklinga har gjeve oss. Breibanddekning i heile landet gjer at det ikkje spelar noko stor rolle om ein set i Oslo eller på Ona.

Å sørge for at alle er på nett, gjer at vi får ned dei sosiale forskjellane og at vi får ei reell moglegheit til å bu og leve der vi sjølv ynskjer.

Å hjelpe ungdomar med skapartrong som vil flytte heim eller til distrikta, slik dei kan skape eigne arbeidsplassar. Slik som Store Naa i Hardanger har gjort. Det som starta som ein tanke om at «kanskje eg skal flytte heim frå Bergen til Hardanger for å starte siderproduksjon?» til å faktisk gjennomføre det.

«Tradisjon, idérikdom, kjærleik og trass» vert trekt fram som eigenskapar for å lukkast. Men å etablere seg i distriktet bør ikkje vere trass i noko, det bør vere på grunn av noko. Det er jobben vår å gjere det lettare for folk som tør å satse. For det handlar om sosiale og faglege nettverk, kulturtilbod, arbeidsplassar, oppvekstvilkår og å faktisk kunne bruke den kompetansen som ein sjølv sit på.

Så kva må til?

Eit skattesystem som fremjar verdiskaping og framtidige investeringar i norsk næringsliv, god breibanddekning, meir midlar til regional utvikling i statsbudsjettet. Vi må forenkle regelverk og lovar slik det blir enklare for nye etablerarar. Vi må digitalisere offentlege tenester, og hindre byråkratiet i å ta overhand.

Vi må ta innover oss trendane i samfunnet om digitalisering, delingsøkonomi, berekraft og innovasjon, for det er gjennom desse trendane vi kan få til desentralisering som eit alternativ til sentralisering. Å desentralisere gjennom modernisering.

Med det vil vi vere med og skape eit samfunn med gode levande distrikt og distriktsbyar som ein vil etablere seg i, på grunn og ikkje trass i.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!