Naturen er fødselsgåve til liks med foreldre og søskjen og naboar. Og altså fjorden og fjella og havet, fuglane og vinden. Dette er det rommet ein er fødd inn i som menneske. Dette er min heim på jorda. Og dermed del av min identitet som menneske.

Naturen er ein gjeven storleik, fjernt frå avtalar og kontraktar og byråkratiske ordningar. Det er vårt felles rom, vi som bur her. Dette rommet er vi innforliva med og inderleg glade i! Det er «millom-bakkar- og-berg-landet», barndommens uendelege stor-rike.

Men mot dette heimlandet kjem denne invasjonen av eit heilt anna sentiment – teknokratiet. Teknokratiet kjem for å utnytte og utbytte den same naturen, den same vinden, det same fjellet.

Dei kjem med ein kontrakt i handa. Ein kontrakt frå nokon som meiner seg å ha eigedomsrett til dette store rommet og alt som er her. Desse to sentiment, desse diametralt forskjellige verdsbilde skal møtast innanfor fire vegger i ein rettssal. Der vil det dreie seg om eit lovverk skapt av teknokratane. Energilov – ordet kling metallisk. Det luktar brent av det. Det smakar diesel.

For dette er ei undertrykkingslov for dei som vil underlegge seg fjellet, gjere det om til kilowatt-timar og klingande mynt. Teknokratiet ser ikkje dette som ein heim. Her er det ikkje snakk om identitet og kjærleik. Naturen er for dei blind og døv, og derfor kan dei gjere med den som dei vil.

Det er dette denne energilova skal sikre. Den skal gje fritt leide til kontraktørane som frå no av har fått rett til å gjere det som er nødvendig for å omskape ein heimstad til eit industrifelt, til effekt, til kroner. Lova skal sikre at dette skal hende uhindra av folk som ropar i fortviling.

Det blir ein ulik kamp, der det djupaste og viktigaste ikkje har får sleppe inn døra. For denne rettssaka er teknokratiet sin arena, med teknokratiet sitt sentiment og teknokratiet sine reglar.

Her er munnbind og tunnelsyn påbudt for å bevare denne overgrepstankegangen mot «millom-bakkar- og-berg-landet. Mot stemmene som ropar i fortviling: Fingrane vekk frå synsranda! Trø meg ikkje for nær! Uansett kva papir du har i handa, naturen er ikkje din. Ikkje har du laga han og ikkje har du kjøpt han. Fordi naturen ikkje er til sals. Naturen er vår fødselsgåve. Den høyrer til vår identitet, som kroppen vår og sansane våre.

Men slike ord når ikkje fram i ein rettssal, her er dei blinde og døve for den slags. Her er naturen omskapt i teknokratiet sitt eige bilde, til råstoff for kilowatt og dollar.

To verder, to verdsbilde, men der berre det eine språket, teknokratispråket, har talerett og stemmerett.

Dette er meir enn naturøydelegging. Dette er hogg mot hjarterøter, hogg mot alt vi har kjært og som er oss! Dette er varg i veum!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!