I sist fylkesutvalsmøte vedtok eit fleirtal med SP og Kristin Sørheim i spissen, at Møre og Romsdal skal vere hundre prosent klimanøytralt om ti år.

Fylkesleiar i AP, Per Vidar Kjølmoen, såg galskapen då han påpeika at konsekvensen av framsnakkinga frå SP og Sørheim om hundre prosent klimanøytralt fylke om ti år. I realiteten betyr det at kua må vekk innan 2030 i vårt fylke, og landbruksnæringa leggjast ned.

Per Vidar Kjølmoen fremma framlegg om at det skulle vere 50 prosent klimanøytralt her i fylket innan 2030, men vart motargumentet og stemt ned av SP, ved Kristin Sørheim og co.

Alle forstår at verken landbruksnæringa eller andre næringsdrivande kan fortsette med si drift, dersom eit mål om hundre prosent klimanøytralt fylke skal gjennomførast.

SP var også heilt spesielt i spissen i klimakur-saka tidlegare i år, med at det skulle produserast mindre kjøtt her i fylket og etast meir grønt.

Tang og tare var visst tingen, medan kua, sau og gris visst ikkje lenger er på moten i Møre og Romsdal Senterparti.

Såleis er SP den desidert største motstandaren av landbruksnæringa her i fylket, og det er skremmande at SP i Møre og Romsdal no ser ut til å bli styrt av Marit Krogsæter og Kristin Sørheim, som forfektar ein politikk som i realiteten er med på å avvikle landbruksnæringa i Møre og Romsdal.

Ikkje veit eg kva desse to SP-leiarane driv med, men det er i alle fall milevis frå normal SP-politikk!

At SP i Møre og Romsdal er for «kjøttskam» og forfektar ein politikk som skal byggje ned kjøttproduksjonen er i seg sjølv aldeles «greinalaust». Men, verst er det at SP ser ut til å forlate det meste av distriktspolitikken, der klimakur, klimamål og bypakkar/byutvikling er viktigare enn å halde oppe landbruksnæringa, og til dømes vidaregåande skular og ei forsvarleg og billig ferjedrift i distrikta.

Vi i Møre og Romsdal FrP kjem til å kjempe for landbruksnæringa og ei god utvikling av distrikta i vårt fylke, og at kua får gjere det den må. Utan at klimakur og anna miljø- og klimahysteri skal få true landbruksnæringa eller distrikta ein tøddel.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!