Videre hevdar de at språknøytraliteten i Ålesund har historie langt tilbake i tid.

Det historia syner er at det aldri har vore noko språkvedtak i Ålesund. Ikkje ein gong då Ålesund la under seg den store kommunen Borgund. I mangel av språkvedtak har offentlege register, i tråd med lova, rekna kommunen som språknøytral.

Det vert også hevda at innbyggarane i kommunen bør få bruke det språket som følast naturleg. Ja, det var vel det som vart gjort, når nynorsken forsvann gradvis frå 1968 og fram til 2019.

Men for å gi trøyst til gamleordførarane: De kan halde fram med å nytte det språket de ønsker, både munnleg og skriftleg. Skriv de til Ålesund kommune, får de også svar på same språk som de nyttar.

Demokrati er det moglege sin kunst. I vissa om at dei beste løysingane ligg mellom ytterpunkta, der fleirtalet finn saman til felles forståing. I Norge har vi representativt demokrati. Vi vel dei representantane som skal ta avgjerder på vegne av folket. Rett nok kan folket avsette dei folkevalde, det skjer gjennom valet kvart fjerde år.

Heile fundamentet for den nye kommunen er at vi skal skape noko nytt. Og vi skal skape det saman. Det betyr også at det nye stadig møter det gamle.

Nye politikarar i ei ny tid må tenke nye tankar. Likevel har vi i respekt for det gamle tatt våre på Ålesund som kommunenamn og latt byvåpenet bli det nye kommunevåpenet.

I saka om språkval i nye Ålesund har mange folkevalde vore engasjerte. Først gjennom det langvarige arbeidet med forhandlingar fram til intensjonsavtalen, der styringsgruppa arbeidde fram eit utkast, som fellesnemnda etter kvart tok over og laga innstilling til kommunestyra. Intensjonsavtalen vart så vedteken av kommunestyra i dei fem kommunane som skulle danne nye Ålesund.

Her vart det gjort klart mellom anna kva kommunen skulle heite og kva språk vi ville at kommunen skulle velje.

Seinare har det nye kommunestyret stadfesta desse vedtaka. Det endelege språkvalet gjorde kommunestyret 12. desember 2019.

Det er kommunestyret som har gitt komité for kultur og medborgarskap oppdrag å tolke og sette vedtaket om til ny praksis. Dette har vi gjort gjennom ei arbeidsgruppe. Komitéen har vedteke å sende utkastet til språkbruksplan ut på høyring. Arbeidsgruppa har arbeidd med høyringsinnspela og legg utkastet fram for komitéen, som igjennom si handtering 26. oktober skal gi si innstilling til kommunestyret 5. november 2020.

Som tidlegare ordførarar reknar vi med at de veit at ei høyring er ein viktig del av den demokratiske prosessen? Her skulle alle som var opptekne av saka få høve til å uttale seg.

Men, kjære Tømmerdal, Rutgerson og Tonning – kvifor ville de ikkje delta i den demokratiske prosessen?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!