Skal Ålesund lukkast som den viktige byen han bør vere, må han forstå og respektere sitt eige omland og menneska som bur og lever i den nye storkommunen.

Frå toppen av byfjellet Aksla kan ein nyte ein av få reelt urbane tettstader på Vestlandet, kringsett av eit nynorsk omland så langt auga kan sjå. Dette er bakkane og berga og havet Ivar Aasen skreiv om. Men byen er ikkje kringsett av fiendar. Ålesund er Byen med stor B for langt fleire enn dei som bur i gåavstand til Keiser Wilhelms gate.

Det er langt til Oslo, men lenger til grannen

Mange var av ulike årsaker skeptiske til regjeringa si kommunereform, men skal nye og større kommunar lukkast, er dei avhengige av ein gjensidig tillit på tvers av gamle grenser.

Om frykta for nabokommunen er større enn frykta for, og den sunne skepsisen til, sentralmakta, vil meir makt og mynde bli sentralisert i Oslo. Her kviler det eit særleg ansvar på den sterkaste parten. Eit sterkt Ålesund er bra både for regionen og landsdelen – og det kan bli bra for nynorsken.

Det finst knapt ein tydelegare identitetsmarkør for Vestlandet mot det sentrale Austlandet enn det nynorske skriftspråket.

Det er vanskeleg å uttrykkje tydeleg nok kor viktig verdas største nynorskkommune Ålesund kan bli, både for eit verdiskapande vestland og for nynorsken.

Nynorskkommunen Ålesund

At nye Ålesund skulle bli ein nynorskkommune, var ein viktig premiss for at kommunen Ålesund skulle bli til, og dette hadde støtte frå eit signifikant fleirtal av innbyggjarane i ei meiningsmåling utført av Opinion. Det er forankra både i intensjonsavtalen og i valteknisk samarbeid mellom fleirtalspartia, og stadfesta av det nyvalde bystyret.

Det er både rett og rimeleg når fire kommunar med sterk nynorsktradisjon går saman med ein bykommune som har vore tospråkleg i skulen i over femti år etter at Borgund gjekk inn i Ålesund i 1968. Den tospråklege kulturtradisjonen i Ålesund er meir enn hundre år gamal.

Bystyret har vedtatt nynorsk administrasjonsspråk. At det no bryggar opp til omkamp når kommunen sin språkbruksplan skal opp i det same bystyret, er uheldig.

Litt meir nynorsk i bokmålsdominerte kvardagar

Vedtaket om at Ålesund skal vere ein nynorskkommune, er å ta statusen til nynorsken som eit mindre brukt språk enn bokmålet på alvor, og det gjer det litt enklare vere nynorskbrukar.

Språkbruksplanen som har vore på høyring, sikrar at kommunen utetter står fram som ein nynorskkommune, men det er likevel slik at dei som vender seg til kommunen, skal få svar på si eiga målform, og alle skjema og liknande skal vere tilgjengeleg på begge skriftspråka. Men når all utetterretta kommunikasjon frå kommunen er på nynorsk, både på nettsider og i sosiale medium, får innbyggjarane sjå litt meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar. Det er bra.

Å velje å vere ein såkalla «språknøytral» kommune er i praksis ei likesæle til alle språkvala både det offentlege og borgarane må ta kvar einaste dag.

Den urbane motstanden mot nynorsk stilnar

Det er kanskje ikkje like lett å sjå det i aviser og kommentarfelt, men nynorsken har vind segla i dei største byane i Noreg. Det har blåse ein nynorskvenleg vind gjennom bystyresalane i både Bergen, Oslo og Stavanger dei siste åra.

Den urbane motstanden mot nynorsk stilnar. Etableringa av nye Ålesund kommune har opna vindauget for at denne vinden kan blåse inn også i Ålesund rådhus.

Den opphavlege vindstyrkeskalaen til Francis Beaufort hadde kvalitative skildringar av effekten vinden hadde på seglføringa, frå «akkurat nok til styrefart» til «det som ingen segl kan tole». Nynorskvinden i Ålesund er akkurat nok til at det blir litt enklare å vere nynorskbrukar, men er likevel slik at alle kan tole den.

Ålesund har historia med seg og framtida føre seg, og bystyret skal varde vegen dei skal gå, men kven spør vel etter leidi når ein har slik vind.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!