Nok er nok! – vert det av og til sagt. Tunnelbygginga har vore trenert, med verdsrekord i utgreiingar.

No er argumenta at andre prosjekt i landet vert dyrare enn planlagde.

Kvar er desse prosjekta? Dei er nok heilt andre stadar enn i Sogn og Fjordane / Møre og Romsdal.

Slik eg ser det så går pengane til dei verkeleg store prosjekta rundt dei store byane, Oslo, Bergen, Trondheim. Og ikkje minst mellom Stavanger og Bergen, der Hareide kjem ifrå.

Det er stor verdiskaping i vårt fylke, men sjølv om vi hadde fem ministrar frå dette fylket, så har vi fått tildelt berre små-smular i veg- og transportsektoren. Kven representerte desse fem ministrane?

Ja, vi hadde samferdselsminister Dale. Eg hadde vona, men resultatet vart då berre fleire utgreiingar.

Ikkje bland inn Nordøyvegen, den er ei fylkesvegsak, og ikkje ein del av transportplanen.

Eg høyrde nettopp at det vart løyvt 32 milliardar ekstra til jarnbane. Det vil seie 10–12 gonger det kostar å bygge Stad skipstunnel.

Rundt dei store byane har dei jarnbane, trikkar, og undergrunns bybaner.

Kva har vi? Vi har ei kystfarlei, som kan kallast vår jarnbane, for noko anna jarnbane kjem ikkje på kysten. Skulle det då ikkje gå an å løyve 2–3 milliardar til Stad skipstunnel, no endeleg?

Mange gjorde ein god innsats for å få på plass Eiksundsambandet. Ikkje minst Knut Nærø som pådrivar. Men der var også ein folkeaksjon med 23.000 underskrifter for å få på plass Eiksundsambandet.

No må ordførarar og kystfolket sette i gong ein skikkeleg aksjon, der vi bør få minst 100.000 underskrifter. Politikarane bør forstå at no er grensa nådd. Det kan lett influere på valresultatet ved neste høve. Vi kan vise det ved valet neste år, at politikarar og parti som ikkje evnar å få i gang bygginga av tunnelen ikkje bør få ei einaste stemme.

Eg var leiar for eit skipsreiarlag i 10 år, og hadde då nærforlis på Stadhavet med motorstopp, på same måten som det store krusskipet på Hustadvika. Det var ingen god følelse, når du veit kor ille det kan gå. Må det kanskje skje fleire dødsulykker på Stadhavet før det vert bygd tunnel?

Ordførar Helgøy i Vanylven har vore ein skikkeleg pådrivar for denne viktige tunnelen. Kven er no ein brennande pådrivar som Helgøy og Nærø var.

Eg trur vi må håpe at det dukkar opp ein skikkeleg pådrivar. Men no har det gått så langt i trenering av Stad skipstunnel at alle på kysten må på bana med ordførarane i spissen.

Godtfolk, vi må verkeleg synleggjere at opplegget til Hareide det godtek vi ikkje. Oppstart av tunnelbygginga skal vere neste år, som planlagt.

Trass i Corona har oljefondet auka formidabelt og er no på heile 10.500 milliardar. Bruk no 0,3 promille av fondet til Stad skipstunnel. Ikkje vent til vi får eit nytt forlis på Stadhavet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!