Grunnleggjande tenester som skule, barnehage, fastlege, rehabilitering og omsorg blir tatt hand om her. Difor ser vi med stor uro på framlegget til statsbudsjett for 2021. Veksten i frie inntekter klarer ikkje å kompensere for auka utgifter.

I fjor haust fekk vi beskjed om eit kommunebudsjett som var det strammaste på 16 år. Sidan Høgre kom til makta i 2013 har mellom anna generelle effektiviseringar og kutt i midlar til dei med dei største behova, ramma kommunane. Budsjetta for 2020 var allereie tøffe for kommunane.

I mars kom korona med nedstenging av samfunnet. Det har gitt oss ein veldig krevjande situasjon. Vi veit ikkje om vi får kompensert dei auka utgiftene koronatiltaka medførte. Regjeringa vil vente til november før dei kjem med løyvingar som dekkjer meirutgifter og mindreinntekter. Det er for seint. Ålesund skal vedta sitt budsjett for 5. november. Kva om vi ikkje får dekt meirkostnadane? Kvar skal vi kutte og kva for tenester?

Det er vi, kommunane, som sjølve har tatt størsteparten av både arbeidet og rekninga for stengde skular og barnehagar, trygge sjukeheimar og heimeteneste, auka kapasitet på legevakta, testing og smittesporing. Det er barna våre i barnehagane, elevane på skulane og eldre på sjukeheimane som blir ramma av regjeringa si manglande satsing på kommuneøkonomi. Vi er skuffa av at regjeringa og ministeren, gong på gong, ikkje kan kome oss i møte.

Når vi no jobbar på høggir for å få endane til å møtast, samstundes som vi står midt i ein krevjande pandemi, treng vi at regjeringa garanterer for at vi vil få dekt kostnadane våre knytt til koronapandemien.

Vi er glade for at Arbeiderpartiet har snakka vår sak på Stortinget. For Arbeiderpartiet er det ei sjølvfølge at kommunane skal få dekt utgiftene sine knytt til pandemien. Arbeiderpartiet foreslo 6 milliardar kroner meir til kommunane. Det hadde gjeve oss ein viktig tryggleik. No må regjeringa lytte til kommune-Noreg og opposisjonen på Stortinget. Det handlar rett og slett om folk sin kvardag!

La det ikkje herske nokon tvil; vi stiller opp og vi arbeider døgnet rundt for at innbyggjarane våre får dei tenestene dei har krav på. Vi er stolte av korleis våre mange, dyktige tilsette i Ålesund kommune, næringslivet og den einskilde innbyggjar i Ålesund har handtert krisa vi står i. No må regjeringa kome på bana!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!