Det kan eg avkrefte.

Heilt sidan den gong Bondepartiet vart stifta for 100 år sidan har landbruket, naturen og bonden vore heilt sentral. Det er heilt fullstendig skivebom at dei no påstår at Møre og Romsdal Senterparti er i mot ku og vil leggje ned landbruket. Lat det aldri vere noko tvil om at Senterpartiet alltid vil setje landbruket høgt.

Frp er støttehjulet til ei regjering som har rasert distrikta, beredskapen og ikkje minst landbruket i landet vårt. Gjennom sju år i regjering er Frp ansvarleg for nedlegginga av nesten 5000 bruk. Har dei plutseleg byrja å bry seg om landbruksnæringa no?

Frp er partiet som vil kutte i pengane til bøndene, la marknaden bestemme kor mykje kjøtet skal koste og fjerne kvoteordninga. Om dei får styre landet etter 2021 er det med andre ord eit tydeleg farvel til vestlandsbruka i Møre og Romsdal, og eit stort ja til å erstatte dei med ei handfull gigantgardar på Austlandet.

Ynskjer vi ikkje å framleis produsere trygg og rein mat? Ynskjer vi ikkje å verdsetje den viktige jobben bøndene gjere? Ynskjer vi ikkje at det skal vere mogleg å drive gard i heile landet?

Dei siste sju åra har vi hatt ei Frp-regjering som gang på gang har prioritert vekk norske bønder. Eit Frp som ynskjer import av billeg «klimavenleg» avokado og mandelmjølk produsert av underbetalte barneslavar i u-land, framfor verdas beste og reinaste kjøt produsert i Noreg.

Eg er sjølv odelsjente på eit småbruk innerst i ein fjord mellom bratte vestlandsfjell. Hadde Frp fått fullt ansvar for landbrukspolitikken hadde det betydd kroken på døra for fleire hundre gardar, inkludert min. Er det ei utvikling vi ynskjer?

Valet 2021 blir eit skjebneval. Det blir valet mellom eit levande, trygt og reint landbruk i heile landet, og Frp si vidare rasering av norske gardsbruk.

Eg veit kva eg vel.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!