«Jo, Ålesund hadde eit språkvedtak»

Ålesund kommune gjorde eit språkvedtak i 1967, men forsømde seg med det som kunne ha gitt mange ålesundarar større truverd i spørsmålet om språk i den nye storkommunen.

Vedtak: Ottar Grepstad fortel at han leita seg gjennom saksframlegg og protokollar, og fann vedtaket frå 1967.  

Meninger

Kari Grindvik og Arnt-Ove Tenfjord har mange gode poeng i innlegget sitt i Sunnmørsposten 9. oktober, men tek feil om historia. Dei skriv at det aldri har vore gjort noko språkvedtak i Ålesund, «ikkje ein gong då Ålesund la under seg den store kommunen Ålesund».


Lesarinnlegg:

«Vyrde gamleordførarar frå Ålesund: Korleis kan de hevde at prosessen er udemokratisk?»

Kva slags styresett er de tilhengarar av når de kan hevde at: «hadde jeg sittet som ordfører i den nemnda, hadde jeg aldri godtatt dette».


Jo, det blei gjort eit slikt vedtak 16. november 1967. Det fann eg då eg gjekk gjennom saksframlegg og protokollar frå formannsskap og kommunestyre 1967–1970 på rådhuset i byen i september 2019. Funnet fortalde Aud Farstad og eg om i korte vendingar i «Historia om nynorsk i Ålesund» i Sunnmørsposten 8. oktober 2019.



Truleg har Grindvik og Tenfjord gjort som så mange andre lokalpolitikarar og blanda saman vedtak om kva skriftspråk staten skal bruke til kommunen, og kva språk kommunen skal bruke i eigen administrasjon.

Frå 1930 hadde kommunane ein lovfesta rett til å bestemme kva språk staten skulle bruke i skriftleg kontakt med kommunen. Om Ålesund gjorde noko vedtak i 1930-åra, er både ukjent og usannsynleg. Derimot vedtok dei fire landkommunane i nye Ålesund tidleg at staten skulle bruke nynorsk til dei – Sandøy i 1932, Haram i 1965, Skodje og Ørskog i 1979.


Synspunkt:

«Nynorsk er naturleg i nye Ålesund»

Det einaste som er meir vestlandsk enn nynorsk, må vere omkampar.


Regjeringa Nordli la fram forslag til ny lov om målbruk i offentleg teneste i 1979. I den lovproposisjonen fekk Stortinget eit oversyn over vedtak om statleg skriftspråk til kommunane. Der var Ålesund ført opp som kommune utan vedtak. I den første stortingsmeldinga om oppfølginga av mållova i 1984 heitte det derimot at Ålesund vedtok i 1969 at staten skulle vere språknøytral. Eg fann ikkje noko slikt vedtak i åra 1967–1970. Opplysninga i stortingsdokumentet frå 1979 var nok rett.

Ålesund var altså den einaste av dei fem gamle kommunane som ikkje vedtok noko om språk frå staten. Til gjengjeld ser det ut til at Ålesund var den einaste kommunen som gjorde noko vedtak om eige administrasjonsspråk.

Før samanslåinga av kommunane Ålesund og Borgund blei det utarbeidd ei lang rekkje dokument som skulle klargjere stort og smått i den nye storkommunen. I Dokument nr. 26/1967 gjekk rådmann Bjørn Kristvik ut frå at «det ikke vil være heldig med et vedtak om at det ene eller det andre målføret skal brukes i den nye kommunen». Formuleringa tyder på at saka hadde vore drøfta uformelt, og at det hadde gjort seg gjeldande ulike og tydelege meiningar om saka. I saksførelegget datert 14. september 1967 innstilte rådmannen på slikt vedtak: «Bystyret finner ikke grunn til å gjøre vedtak om at den nye Ålesund kommune skal bruke ett av de to offisielle skriftspråkene.»

I møte 7. november 1967 vedtok formannskapet denne innstillinga samrøystes og skreiv ‘målformene’ i staden for ‘skriftspråkene’. Innstillinga frå formannskapet til bystyret var dermed: «Bystyret finner ikke grunn til å gjøre vedtak om at den nye Ålesund kommune skal bruke en bestemt av de to offisielle målformene.»

Protokollen frå bystyremøtet 16. november 1967 manglar i kommunearkivet. I eit saksførelegg datert 1. desember 1967 til møte i formannskapet 7. desember 1967 går det likevel fram kva som skjedde i bystyret. Bystyret vedtok innstillinga frå formannskapet, men røystetal ligg ikkje føre. Det gjekk ikkje fram av det knappe saksførelegget korleis saka skulle behandlast vidare. Nynorskbrukaren Maria Hagesæter spurde i bystyret difor etter presiserande retningslinjer.


Leserinnlegg:

«Sutring og surmuling må få ein ende»

Det er trivielt, men ein må visst ta det om att og om att, for det ser ut til at mange bokmålstilhengarar ikkje har fått dette med seg.


Den sida av saka vedtok formannskapet 7. desember 1967 samrøystes å utsetje. Der stoppa det. Verken formannskap eller kommunestyre hadde saka føre i åra 1968–1970. Saka kan ha blitt avgjort administrativt, men i lys av detaljgraden i saker til formannskapet verkar det underleg. Dette var ein kommune der formannskapet i 1969 jamvel handsama spørsmålet om overtidsgodtgjersle for ei kontordame. Det er nok svært sannsynleg at det ikkje blei gjort noko meir i det heile. Ålesund kommune ordna seg aldri med dei retningslinjene som kunne ha gitt mange ålesundarar tyngre argument i språkspørsmålet eit halvt hundreår seinare.

Ålesund hadde altså eit språkvedtak som gjaldt frå 1968 til 2019. Det vedtaket var klønete formulert, men intensjonen var tydeleg: Ålesund kommune skulle bruke både nynorsk og bokmål. I praksis blei det så mykje bokmål at gamleordførarar og andre gamal-tenkjarar i gamlebyen er forskrekka over at det no blir mykje nynorsk. Dei har sine allierte langt inne i korridorane i rådhuset. Eg sat altså i rådhuset 19. september i fjor og las protokollar, og etter nokre timar gjekk eg ut til lunsj. Då eg kom tilbake og løfta opp neste protokoll frå tralla, datt eit visittkort frå Bokmålsforbundet ned på golvet. Det kortet var ikkje der då eg løfta same protokollen før eg gjekk ut.


Leserinnlegg:

«Flertallet bestemmer?»

Leser man lederen i Sunnmørsposten 19. sept., ser man at det ikke er noen tvil om hva avisen mener om språkform i Ålesund kommune (selv om den utrolig nok er skrevet på bokmål).



-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!