Eit av desse prosjekta er folkebadet i sentrum av Brattvåg.

Vi i Brattvåg idrettslag vil gjerne gjere greie for vårt syn og kommentere uttalar frå andre.

Hovudstyret i Brattvåg idrettslag har i møte 15.10.20 handsama saka om folkebadet i Brattvåg nok ein gong. Styret vedtok samrøystes å halde fast på tidlegare vedtak om lokalisering og byggeprogram.

Vi oppmodar kommunestyret om å prioritere anlegget og sikre ei snarleg realisering.

Styret i Brattvåg svømmeklubb har ikkje noko formelt og presist vedtak i saka om det planlagde anlegget i Brattvåg, men sentrale personar mellom dei tillitsvalde har ytra seg i forskjellige samanhengar. Desse ytringane har vi tolka som ei støtte til ei anna plassering enn i sentrum: Ved Brattvåg ungdomsskule på plassen til den gamle symjehallen.

I Norges svømmeforbund sitt «Strategidokument for bruk, bygging og forvaltning av svømmeanlegg» kan vi lese under punktet om lokalisering: «For at alle som kan og vil skal kunne nyttegjøre seg svømmeanlegget kreves en lokalisering som gjør terskelen for bruk så liten som mulig. Vi er avhengig av et skifte i «svømmeanleggstrategi» fra skolelokalisering til sentrumslokalisering».

Styret Ålesund idrettsråd har handsama saka om folkebad i Brattvåg. Vi har bede om referat eller protokoll frå møtet utan å lukkast med dette. I saksdokumenta til kommunedelsutvalet i Brattvåg, Hildre og Søvik (sak 006/20) finn vi ein e-post til Ålesund kommune (03.09.2020) der Ålesund idrettsråd gjer kort greie for synet sitt. Uttalen viser til eit oppslag i Bygdebladet om lokalisering og minner om kravet frå ÅKE om «Behovsanalyse for svømmeanlegg» frå kommunedirektøren.

Med andre ord: Ålesund idrettsråd ber om ein omkamp både på lokalisering og behov! Ei rein trenering av prosjektet.

Leiar i styret i Ålesund idrettsråd Arnt Ove Tenfjord er ein røynd og dyktig politikar med lang fartstid i det politiske livet og idrettsrørsla. Gjennom sitt lange virke har han fått tillit og viktige posisjonar. Det går ein raud tråd gjennom hans virke i desse posisjonane: Ein endelaus og trøyttande kamp mot plassering av folkebadet i sentrum av Brattvåg. I gamle Haram såg vi lidenskapen og engasjementet hans først i idrettsråd, så i formannskap og kommunestyre.

Etter tapt sak i Haram, har han fått ein ny sjanse til omkampar i den nye kommunen. Dei nye posisjonane gjev han rikeleg høve til det.

Politikarane i Ålesund kommunestyre står framføre ei svært krevjande og utfordrande oppgåve: å samordne og prioritere mellom mange gode prosjekt frå dei fem «gamle» kommunane. Vi er opptekne av at folkebadet i sentrum av Brattvåg får den plassen det fortener.

Arne Vågnes,leiar Brattvåg idrettslag

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no