Lesarinnlegg:

«Møreaksen vs. Romsdalsaksen enno ein gong»

Vår største regionavis – Sunnmørsposten – meiner: «Tid for å avslutte aksekrangelen og bygge Møreaksen.»

Dagens akse: Skal kryssinga av Romsdalsfjorden skje via Romsdalsaksen, Møreaksen eller med ferje, som i dag?   Foto: Staale Wattø

Meninger

Eg er i utgangspunktet ueinig både i overskrifta og i innhaldet som følgde under i artikkelen.

Dersom vi først skal bruke ei rekkje milliardar på ei ferjefri kryssing av Romsdalasfjorden, bør dette gjerast på solid grunnlag der aktuelle alternativ er godt utgreidde slik at investeringane i framtida syner seg å vere rette.

Planane for Møreaksen er klare, og kronene skal rulle alt frå 2022. Her gjeld det å kome raskt i gang før Romsdalsaksen blir presentert som eit meir framtidsretta alternativ. Ei rekkje sentrale politikarar har diverre motarbeidd ei fullverdig utgreiing av kryssing lenger aust i fjorden.


Prioriterer vedlikehold foran nye vegprosjekt

Flertallet i samferdselsutvalget i fylkeskommunen setter mer penger til fylkesvegene som krav nummer én i neste runde av Nasjonal transportplan (NTP).


Fordelane med dette alternativet har vore skrive og sagt mykje om, medan Møreaksen sine forkjemparar har vore standhaftige i det å halde fast på det alternativet som vart utgreidd ei rekkje år attende i tid, og som etter mange sitt syn ikkje er det beste!.

Realiseringa av denne fjordkryssinga er til dei grader avhengig av økonomiske rammer i åra som ligg framføre. Her gjeld det no å nytte 2,5 milliardar snarast slik at A er sagt og karusellen er i gang. Så kjem B, C….Samla kostnad er etter siste tala landa på 24 milliardar.


Ny transportplan:

Frykter fylket ender opp ribbet for vegprosjekt

Leder i samferdselsutvalget, Kristin Sørheim (Sp), frykter Møre og Romsdal står tilbake ribbet for nye vegprosjekt dersom vegvesenets kost-nytteberegninger avgjør hva som skal bygges.


Dei avsette 2,5 milliadane kan nyttast på ei rekkje viktigare prosjekt i Møre og Romsdal enn det å starte bygginga av lange undersjøiske tunnellar ut til øyane i Romsdalsfjorden. Dette bør både politikarar og Statens Vegvesen innsjå.

Bruk så dei komande åra til å få klarlagt fullt ut Romsdalsaksen sine pluss og eventuelle minus. Samanlikn så med det Møreaksen har lagt på bordet – og gjer ei val som står seg i årtier framover.


Nyutnemnt samferdselsminister Hareide vil oppleve stort trykk frå Nordvestlandet:

Pressar på for svar om Hafast, Møreaksen og skipstunnelen

Fredag vart Knut Arild Hareide (KrF) ny samferdelsminister. Leiarane for dei store samferdselsprosjekta på Nordvestlandet har allereie kalla Hareide inn til møte.


Ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim hastar ikkje, meiner underteikna Kom fram til dei rette trasevala og nytt åra som ligg framføre til bygging og utbetring av denne europavegen mellom fjordane. Det vil gje oss alle ein nytteverdi vi kan vere stolte av.

Valet nmellom Møreaksen og Romsdalsaksen er ingen krangel. Det er eit sunt prinsipp å få alle relevante fakta på bordet før endeleg vedtak skal gjerast. Slik også i denne saka.

Ragnar Elias Bakken
Sjøholt

Har du noko på hjartet@ Send eit innlegg til meninger@smp.no