Lesarinnlegg:

«Motarbeider kryssing av Langfjorden»

Når ein høyrer referat frå Statens vegvesen (STVV) avd. Møreaksen snakkar ned flytebru på Langfjorden, så er det på høgt tid med litt rydding i STVV region midt.

Møreaksen: Frank Sve i Framstegspartiet meiner at det hindrar realisering av flytebru over Langfjorden at Møreaksen er valgt som trasé for kryssing av Romsdalsfjorden.  Foto: Illustrasjon: Statens vegvesen/ Øyvind Leren

Meninger

Sjølvsagt forstår eg godt at STVV sin Kjetil Strand (regionvegsdirektør red. anm..) kjempar med nebb og klør for å halde på dette greinalause prosjektet Møreaksen. STVV forstår svært godt at dersom ei fjordkryssing over Langfjorden blir fronta framover, ryk sjølvsagt Møreaksen som alternativ for kryssing av Romsdalsfjorden.


Prioriterer vedlikehold foran nye vegprosjekt

Flertallet i samferdselsutvalget i fylkeskommunen setter mer penger til fylkesvegene som krav nummer én i neste runde av Nasjonal transportplan (NTP).


Kryssing av Langfjorden er det absolutt viktigaste samferdselsprosjekt for næringslivet i Romsdalen og på Nordmøre. Det er FV 64 og ferjestrekninga Åfarnes-Sølsnes som er næringsveg og eksportveg for denne regionen. Romsdalsaksen kan lett løyse ut ei arm over Langfjorden, og då har ein slått to fluger i ein smekk.

Nye Vegar AS får nok rimeleg sikkert strekninga Ålesund-Molde inn i sin portefølje, og vil sjølvsagt bruke hovudet og byggje noko som både tener næringslivet og folket i regionen best.

Flytebruteknologien er i ei svært positiv utvikling, og det einaste miljøet her til lands som framleis motarbeider dette, er dessverre Statens vegvesen, region midt.


Ferjepriser:

Samferdselsministeren til VG: – Sterkt bekymret for de prisene jeg ser nå

– Det er ikke tvil om at jeg er sterkt bekymret for de prisene jeg ser nå, sier den ferske samferdselsministeren Knut Arild Hareide (KrF) til VG.


Problemet i dag er at STVV sit på alle sider av bordet, og hindrar private kompetansemiljø i å kunne utvikle slike prosjekt i praksis. Rett nok er STVV region vest ei heilt anna haldning til flytebruer, og det ser nesten ut til at vi må slå oss i hop med Vestland fylke for å kunne sleppe unna motarbeidingane frå STVV region midt.

Eg håpar prosjektet med flytebru over Langfjorden vert sett verkeleg full gass på, og både Frp og eg vil både prioritere og aktivt arbeide for dette prosjektet.


Nye Veier AS setter Ålesund-Molde nummer én, og vil se på vegprosjektet på nytt

Vegene imellom bygges før fjordkryssingen?

Får Nye Veier AS i oppdrag å bygge veg mellom Ålesund og Molde, er det ikke sikkert at kryssingen av Romsdalsfjorden tas først. Er det mer lønnsomt å bygge vegene mellom fjordkryssingen først, kan det bli utfallet, bekrefter direktør for planlegging, Finn Aasmund Hobbestad.


Eg håpar også at statsråden snart sørger for at STVV region midt, blir sendt på tvungen studietur til region vest og får lært seg opp på flytebruteknologien.

Frank Sve,

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no