Kronikk:

«Nobelprisen viktig for jordvernet»

Jordvern og matproduksjon høyrer saman og om ein vil er det to sider av same sak.

Landbruk: årets tildeling av fredspris eit godt døme på kor viktig samspelet mellom det lokale jordvern og den globale matproduksjonen er, seier artikkelforfattaren.  Foto: Scanpix

Meninger

Ein kan ikkje produsere mat utan matjord og difor er jordvern ein føresetnad for at det kan produserast nok mat i framtida.

Det var difor svært gledeleg at årets fredspris gjekk til FN organisasjonen, Verdens matvareprogram (WFP). Den er verdas største humanitære organisasjon som arbeider for å overvinne svolt og skape større matsikkerheit. I 2019 nådde Matvareprogrammet 100 millionar menneske i 88 land, som var råka av matmangel og svolt. Organisasjonen får fredsprisen for sine bidrag til å skape fred i konfliktutsette område og for å vere ein pådrivar i arbeidet med å skaffe mat, som eit våpen mot krig og konflikt. Framleis manglar ein av ni menneske nok mat.



Vårt ansvar

Vår største utfordring har vore at vi har kasta for mykje mat. Koronapandemien har vist at dette raskt kan endre seg og at vi dlfor, mellom andre ting, må styrke jordvernet for at vi i større grad enn i dag, kan verte sjølvberga med mat og unngå den svolt som er globalt.



Kva trengst i jordvernet?

I organisasjonen Jordvern Norge veit vi internt at den offentlege statistikken Kostra er underrapportert og at nedbygging av dyrka jord på landsbasis er mykje høgare enn den offentlege statistikken. I september i år avslørte Nationen at i Time kommune i Rogaland vart det i 2018 gjort vedtak om å bygge ned 210 dekar dyrka jord. Dette vart aldri rapportert inn.


Saka avslører ein skrikande mangel på samsvar mellom mål og verkemiddel i jordvernpolitikken frå kommunenivå og heilt opp til Landbruks og matdepartementet. Regjeringa har hatt lita interesse av å avdekke underrapportering av nedbygd matjord. Dette skaper meir politisk støy med krav om meir fokus på jordvern. Regjeringa har stemt ned eit framlegg om å halvere den årlege nedbygginga av dyrka jord frå 4000 til 2000 dekar.

Kommunane har ansvaret

Regjeringa har delegert dispensasjon frå lovverket til kommunane. Praksisen har vist at dette ikkje fungerer slik det er meint. Om ein legg jordlova sin intensjon til grunn.

Arealplanlegging er det viktigaste verkemiddelet for jordvernet. 70 % av det nedbygde arealet er omdisponert etter plan og bygningslova og 30 % er omdisponert etter jordlova.



Skeivdeling

Denne skeivdelinga skader jordvernet. Hadde jordlovas intensjon vore fylgt hadde jordvernet kome sterkare ut. Plan og bygningslova har kome sterkare inn og redusert jordlova til ein høyringsinstans. Tidlegare var jordstyra ein eigen godkjenningsinstans, som kunne verne dyrkajorda med heimel i jordlova. Slik vert det ikkje praktisert i dag. No er det plan og bygningslova som i praksis har teke over dette ansvaret.

Dispensasjonar frå eigne kommuneplanar er det også kommunane som avgjer. I praksis syner det seg at det i alt for stor grad vert dispensert frå dei først vedtekne arealplanar. Plan og bygningslova pålegg kommunane å rullere sine arealplanar kvart 4. år. I ei rullering høyrer det også med at ein kan fortette tidlegare vedtekne planar og ta ut uheldige vedtekne planar om nedbygging av dyrka jord, som slik kan bergast i ein ny runde med rullering av kommuneplana.

Haldningsendring Jordvern Møre og Romsdal er ikkje ein kamporganisasjon, men har som oppgåve å arbeide for større forståing for kor viktig jordvernet er for både i notid og endå meir i framtida, for komande generasjonar. Difor er årets tildeling av fredspris eit godt døme på kor viktig samspelet mellom det lokale jordvern og den globale matproduksjonen er!


Leder tirsdag 2.oktober:

«Matjord som går tapt i dag, vil vi først kunne få attende etter ei ny istid»

Matjord må sjåast på som ein ikkje fornybar, avgrensa ressurs.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.


Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!