Det er kamp om tida på NRKs lokale TV-sendingar. Og på Nordmøre opplevest sendingane frå NRK-Møre og Romsdal ofte som om dei viktigaste og mest interessante hendingane i fylket i alle fall ikkje skjer på Nordmøre.

Men 19/10 var det tydeleg i lokalsendingane utover kvelden at det var i Manchester at dei viktigaste hendingane for fylket skjedde: i detalj får vi utbrodert kampsituasjonen og skadeproblema for fotballaget Manchester United i den engelske fotballserien.

Er det verkeleg rett prioritering av nyheitsstoffet at engelsk fotball skal ha ein så sentral plass i lokalsendingane for Møre og Romsdal?

Eivind HasleSurnadal