Senterpartiet fekk lagt inn startløyving i nasjonal transportplan i 2009, og følgde opp med 1 milliard i transportplanen som vart lagt fram i 2013.

Då stod Høgre-representant Lødemel fram og kritiserte oss for at løyvinga kom alt for seint. FrP følgde opp med same visa. Om Høgre og FrP fekk makt etter valet i 2013 skulle det bli langt raskare oppstart vart det lova.

Det var eit positivt nyhende då skipstunnelen vart fullfinansiert i transportplanen som kom i 2017, og skulle startast opp i første fireårsperiode. Men så vart det heilt stilt!

Etter regjeringssamarbeidet mellom Høgre og FrP, der FrP hadde både samferdsleminister og finansminister er ingen spade sett i jorda!

Og det vart ein bratt nedtur då dagens samferdsleminister, Knut Arild Hareide, la fram budsjettet sist veke utan ei einaste krone til oppstart. Det tenkjer me først og fremst handlar om at Høgre ikkje ser seg syn med prioritere saka.

Venstre har vel aldri vore nokon pådrivar. Begge dei to høgre-partia er meir opptekne med å bruke pengane på spinndyr jarnbaneutbygging med overskridingar i milliardklassa. Ikkje rart det vert lite att til den verdiskapande landsdelen på Vestlandet.

Neste kapittel i denne farsen vil kanskje koma når FrP gjennom budsjettforhandlingar får på plass midlar til oppstart seinare i haust. For no er dei brått blitt pådrivarar for skipstunnelen att, etter at dei gjekk ut or regjeringa sjølvsagt. Same for oss, berre midlane kjem på plass og framdrifta som Stortinget har vedteke kan haldast.

Senterpartiet kjem uansett til å arbeide hardt for at tunnelen, som vil gjere båttrafikken langs kysten tryggare og tene næringsliv og folk flest i heile landsdelen, skal realiserast i tråd med framdrifta Stortinget vedtok i 2017.

Liv Signe Navarsete og Jenny KlingeStortingsrepresentantar Sp Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no