Eg vil gjerne gje honnør til to innlegg i avisa den siste tida.

Redaktør Hanna Relling Berg hadde 10. oktober ein kommentar om Crispr-teknologien. Den voner mange fekk med seg. Eg har gjennom lang tid lagt merke til kor oppteken redaktøren er av etiske spørsmål, spørsmål om trykke- og meiningsfridom, sosial rettferd og nyanseringar i samfunnsdebatten.

Om ein er samd eller ei i enkeltsaker, så er det viktig å halde oppe ei lokal kvalitetspresse som er oppteken av å halde profesjonell standard, ikkje berre av kva som gjev «klikk» på nett.

Det kan ikkje vere lett i desse ulvetider for pressa, når Facebook og andre store internasjonale aktørar «stel» annonseinntekter.

Bente Volder skriv i Sunnmørsposten 8. oktober eit innlegg mot kommunestyret i Ålesund som vil gje skjenkeløyve til utestader med stripping. Eg trur at det er redsel for å vere prippen og puritansk som gjer at mange er redde for å forby stripping. Men dette er ikkje problemet.

Stripping heng, som Volder seier, saman med ein stadig meir pornofisert, for ikkje å seie pornofiksert, kultur, som skader menn og kvinner. Særleg dei unge, sitt sjølvbilete, sjølvtillit og syn på kvarandre.

Eg vil oppmode dei unge til å engasjere seg i dette og seie meininga si.

Aud FarstadÅlesund

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no