I nær to dagar har Nei til vindkraftverk på Haramsøya sine advokatar og advokatane til Haram kraft AS lagt fram dokumentasjon på prosessen som har ført fram til at Haram kraft tidlegare i år kunne starte anleggsarbeidet på Haramsfjellet.

Mot slutten av dagen tirsdag fekk partane sleppe til. Kontrasten er slåande.

Birgit Oline Kjerstad representerer Nei til vindkraftverk på Haramsøya i retten. Mot slutten av dagen tirsdag forklarte ho seg.

Folket mot forvaltninga

For denne organisasjonen er det eit viktig poeng at dei ikkje har blitt orientert om alle vesentlege endringar undervegs, og slik meiner dei at dei har vorte fråtekne retten til å klage.

To dagar med høgtlesing frå dokument frå NVE, OED og andre instansar vart erstatta med eit glimt inn i organisasjonsarbeidet på ei øy i havgapet. Informasjon og nyhende som vert plukka opp i lokalavisene. Ei bisetning i eit tilfeldig treff i butikken eller på eit møte om noko heilt anna. Ein telefon frå ein som har høyrt noko.

Slik arbeider ein frivillig organisasjon som berre brenn for ei sak. Det veit alle som har vore i nærleiken av eit styre i eit idrettslag eller ei velforeining. Spriket i makt og ressursar mellom desse og byråkratiet si mølle er enormt.

Gjort nok?

Sett i lys av denne kontrasten er det god grunn til å spørje om forvaltninga har gjort nok for å opplyse alle berørte i saka.

Retten skal ikkje ta stilling til om det er smart eller dumt å byggje ut området. Den skal heller ikkje vurdere om nasjonal vindkraftpolitikk er fornuftig eller ei, eller om det er tysk eller norsk kapital som står bak.

Retten skal ikkje overprøve skjønnet som forvaltninga har gjort. Den skal ikkje ta stilling til om det hadde vore lurt å greie ut skadeverknadane på vandrefalken, lerka eller flaggermusa meir. Den skal heller ikkje tenkje at det var leitt at det ikkje vart gjort meir for å involvere folket på øyane – gjere dei i stand til å protestere.

Forsvarleg forvaltning?

Retten skal berre ta stilling til om dette er ein feil i sakshandsaminga, men det er ikkje nok. Det må også sannsynleggjerast at feilen er av vesentleg betydning for saksutfallet.

Retten skal slå fast om forvaltninga har følgt lova, om NVE har hatt myndigheit til å forlenge konsesjonen, om jobben og vurderingane som er gjort er forsvarlege, om det er gjort vesentlege som har fått konsekvensar for det endelege utfallet.

Feil som er gjort kan også vere retta opp før det siste vedtaket i saka. Då kan dei reknast som «reparerte» og utan betydning.

Kald juss avgjer

Blant alle desse spørsmåla kjem spørsmålet om konsesjonen og endringane i konsesjonsvilkåra kan kjennast ugyldige på grunn av manglande høyring?

Svaret på det spørsmålet vil kunne vere vidt ulikt, avhengig av kvar ein sit – på eit kontor i NVE eller OED eller ved eit kjøkenbord med sakspapir og sørvesten piskande mot ruta.

I denne saka er det jussen som avgjer. Den kan kjennest kald. Det skal den også vere.

For den skal ikkje gjere skilnad på eit kjøkenbord og eller ein statsrådsstol.