Korleis kan vi forsvare raseringa av viktig klimatisk og biotropisk natur og så kalle det miljøtiltak? Ikkje om du kjøper 1000 grøne sertifikat får du eit fjell til å vekse opp att etter ei bort-sprenging! Heller ikkje Haramsfjellet, som er eit godt døme på kor omfattande øydeleggingar det blir med nye vegar og store anleggsområde som pløyer og sprenger seg gjennom godt bevart og delvis verna naturområde.

Fjella, og urørt natur, er ein del av Noregs ryggrad og ein stor del av Noregs kjennemerke for det som vi enno framleis kan kalle vårt eige land.

Og når raudlista planter og insekt som lever i sine naturlege biotopar – som burde vore like raudlista – blir borte for alltid, er dette eit hån mot alle som tar vare på dette mangfaldet, slik våre forfedrar har gjort – i alle fall sidan Frostadtingslova frå 1100-talet. Der står det m.a.: «Med lov skal landet byggast – og ikkje med ulov øydast.»

I Noregs grunnlov frå 1814 i §112 står det slik: «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter. Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og sette i verk inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet. Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.»

Mellom desse lovene har det gått snart 1000 år, og landet har fram til våre dagar stått fram som det Noreg vi er stolte av.

No ser vi at grunnlaget for busetnad og trivsel – og rikdommen i å eige nok vatn og natur som har vore dyktig teken i vare gjennom generasjonar – også hamnar mykje hos pengesterke utlendingar. Kvifor?

Og når, korleis og kvifor blei Grunnlova her erstatta av Energilova? Det er gjort mange tankelause og kunnskapslause feil i arbeidet med desse konsesjonane. Feil som vi må leve med i generasjonar framover.

Eg har heller ikkje sett nokon plan på deponering av sterkt forureinande, ikkje nedbrytbart avfall, slikt som utslitne/øydelagde rotorblad og liknande komponent frå desse «monumenta» over våre tapte, naturlege kraftressursar.

Og kvar finn vi den store samfunnsrekneskapen som set alle pluss og minus opp mot kvarandre? Er dette det beste våre folkevalde kan prestere, då har vi truleg valt feil talsmenn i denne viktige klima- og miljøkampen. . Ein feil kan tilgjevast. Å gjere same feilen om att og om att er nærast utilgjeveleg – også for våre politikarar og byråkratar. Det viktigaste er ikkje å ha rett, men å gjere rett.

Vend om i tide – det er inga skam å snu!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!