Det er fascinerande å sjå korleis små barn langt under skulealder handterer skjermbrett på ein intuitiv måte. Førsteklassingar viser stolt fram sin I-pad som dei fekk første skuledag. 10-åringane har fått seg smarttelefon og ei ny verd ligg open framfor dei. Og dagens ungdom er «online» døgnet rundt.

Alt blir mykje lettvintare. Lærestoffet har dei på skjermen, skulen ligg open for heimen 24 timar i døgnet og med eitt tastetrykk har foreldra/eleven kontakt med skulen. For skulesektoren er det ei utfordringa å finne ut korleis ein best mogleg kan nyttiggjere seg dette i opplæringa slik at elevane blir rusta for det samfunnet som dei er ein del av.

Blir læreboka parkert?

Læreboka har vore ei trygg og god støtte i skulen. Blir den i åra framover parkert og erstatta av digitale læremiddel som nettbrett, pc, sms osv. eller blir læreboka endra og tilpassa det nye slik at den vil ha livets rett?

Liten læringseffekt av digitale læremiddel?

Forskarar veit lite om kva læringseffekt dei digitale læremidla gir og hevdar at det er vanskeleg å måle. Stadig fleire har hengt seg på kritikken mot digitaliseringa (De digitale prøvekaninane» av Gaute Buckmann) og viser til forskarar som ikkje kan sjå noko læringseffekt. Andre skeptikarar trekker fram internasjonale undersøkingar som PISA-resultata som syner at leseferdigheita hos elevane har vorte dårlegare dei siste åra, og ein lurer på om det har samanheng med overgangen til digitale læremiddel.

Kommunar/skuleeigar investerer mykje i digitale læremiddel

Mens dette skjer, investerer mange kommunar svært mykje i digitalt utstyr og system og kjøper pc-ar og nettbrett til bruk for elevane frå 1. klasse. Målet er å kunne frigjere seg meir frå læreboka og erstatte ho med oppdatert kunnskap på nettet som blir presentert på ein god og motiverande måte for elevane. Med Kunnskapsløftet i 2006 vart digitale ferdigheiter innført som ein av 5 grunnleggande ferdigheiter ved sida av lesing, skriving, rekning, munnleg aktivitet, og dei skal ligge i botnen for opplæringa.

Store forskjellar mellom skular/kommunar

Vi ser at det er stor forskjell mellom skular/kommunar i kva grad dei tek i bruk digitale læremiddel i undervisninga. Det er skuleeigar/kommunen som bestemmer kva læremiddel som skal brukast for den statlege godkjenningsordninga på læremiddel vart oppheva i år 2000.

Kor mykje skulane bruker digitale læremiddel varierer sjølvsagt alt etter fag og nivå ein snakkar om. Diskusjonen som går på bruk av enten papirbasert lærebok eller skjerm (pc-ar, nettbrett) er lite nyansert og fruktbar.

Største utfordring i dagens skule – og moglegheiter som digitale læremiddel gir

Å kunne tilpassa undervisninga til den enkelte elevs behov har vore den største utfordringa for norsk skulen dei siste 70 åra. Med innføring av digitale læremiddel har lærarane fått mange fleire hjelpemiddel i verktøykassa si for å kunne tilpasse opplæringa til ei stadig meir mangfaldig elevgruppe. Elevane i ei klasse er forskjellig i interesser, evner og har ulike læringsstilar og dermed ulike måtar å lære på.

Nye læreplanar legg vekt på at elevane skal utforske og eksperimentere og gjerne finne fram til kunnskapen og løysingar sjølv. Nokre er auditive sterke og lærer betre når dei får høyre stoffet/oppgåver og strever kanskje med lesinga. Andre er avhengig av å få ting konkretisert. Atter andre er meir praktisk anlagt og løyser best oppgåver ved å utføre og gjere ting.

No står moglegheitene opne for at lærarane kan ta i bruk ulike verkemiddel for at elevane skal kunne meistre og såleis bli meir motiverte for skulearbeid. Men erfaringar viser at det er anstrengande for elevar å konsentrere seg time etter time å arbeide via skjerm. Derfor må vi i framtidas skule ha både papirbaserte og digitale læremiddel. Stikkordet her er variasjon.

Behov for informasjon og kompetanse på fleire nivå

I tida som kjem vil det kome mange verktøy frå læremiddelutviklarar som er ute etter å gi gode tilbod, men også å tene pengar. Det er så viktig at lærarane er med og bestemmer kva utstyr, lisensar og læremiddel dei ønsker å bruke for å «treffe» enkelteleven. Dette må ikkje overlatast til dataekspertar og kommunen/skuleeigar åleine.

I tillegg må skulen/lærarar legge meir vekt på å informere foreldre om kva og korleis dei utnyttar digitale læremiddel for læring. For mange foreldre er dette heilt nytt.

Mykje kan tyde på at manglande digital kompetanse gjer at teknologien blir brukt for lite til faglege formål. Resultatet er at det blir mykje utanomfaglege aktivitetar og distraksjonar som kanskje tvert imot hemmer læring. Forsking viser at elevar er meir fokuset i timar med lærarar som er digitalt kompetente og flinke til å planlegge databruken i timane.

Skulen/lærarar står fritt i val av innhald og arbeidsmåtar

Generell læreplan og kompetansemåla i dei nye læreplanane skal styre arbeidet i skulen. Kompetansemåla er framleis noko vage/diffuse etter den såkalla «Fagfornyelsen» sjølv om vi har fått kjerneelement i faga som støtte. Det er stort sett opp til læraren/skulen å bestemme kva innhald/arbeidsmåtar ein skal velje for å nå kompetansemåla.

Krav til læremiddel

Det er viktig som overordna mål i skulen understrekar at noko kunnskap må vere felles for alle elevane. For å kunne fungere i samfunnet, og ha sosiale kontakt, er den enkelte avhengig av noko felles kunnskap. Allsidig kunnskapsfellesskap kan læreboka, enten den er papirbasert eller digitalt, vere med å sikre. Men det er viktig at læreboka ikkje er overlessa med stoff elevane kan finne på nettet.

Dersom elevane berre blir overlatne til brett og pc utan fast lærebok, kan det vere lettare at opplæringa blir meir fragmentert og oppstykka, og stoffet kan bli vanskelegare for elevane å trenge inn i og forstå. Fordelen med ei lærebok er at ho har ein fast struktur, omgrep som går igjen og systematisk og logisk oppbygning. Er læreboka papirbasert, gir det variasjon i ein digitalisert skule. Ein rett kombinasjon mellom papirbaserte og digitale læremiddel vil sikre kvaliteten i opplæringa betre slik at det «treff» ei mangfaldig elevgruppe.

Erfaringar frå skular viser at mange skular/lærarar kombinerer den papirbaserte læreboka og digitale læremiddel på ein glimrande måte slik at elevane får ei meir variert undervisning og blir meir motiverte. Dei utnyttar fordelane med begge type læremiddel.

Læraren er det viktigaste læremiddelet

Det viktigare læremiddelet er læraren sjølv så læreboka og dei digitale læremidla kan aldri erstatte læraren. Dette har også kome tydeleg fram under koronapandemien. Som nemnt tidlegare legg dei nye læreplanane (Fagfornyelsen) ekstra vekt på at elevane skal utforske og finne fram til kunnskapen sjølv. Då er det ekstra viktig at læraren bruker tid på å få med seg heile klassen i samtale der ein samlar, oppsummerer og hjelper elevane til å trekke liner og sjå samanhengar. Vi skal ikkje undervurdere den læringskrafta som fellesskapet i klasse/gruppe har. Ein føresetnad for å få til aktivitet i klassen/gruppa er at læraren kan skape eit trygt og godt læringsmiljø som gjer at elevane i klassen/gruppa føler seg trygge, blomstrar og yter sitt beste i fellesskapet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!