Torsdag var siste dag i Sunnmøre tingrett for Nei til vindkraft på Haramsøy sitt forsøk på å stanse anleggsarbeidet på Haramsøya. Innan to veker skal retten seie sitt.

Den skal gi svar på om er sannsynleg at det er gjort feil i handsaminga av konsesjonen for vindkraftverket. Men det er ikkje nok at det er feil eller manglar i det som er gjort.

Må ha hatt konsekvens

Feila må også vere så alvorlege, kvar for seg eller samla, at det er sannsynleg at dei ville ha fått konsekvensar for utfallet – enten at søknaden hadde blitt avslått eller at konsesjonsvilkåra ville ha vorte vesentleg annleis.

Så må tingretten igjen vurdere om dette igjen gir grunn for å stanse anleggsarbeidet straks, før ei endeleg rettssak avgjer om konsesjonen er lovleg gitt eller ikkje.

For det er dette saka handlar om no: Skal arbeidet stoppast i påvente av domstolane har sagt sitt i ei rettssak mot staten. Den skal ikkje gi svar på om skjønnet forvaltninga har gjort er fornuftig, berre om det har følgt boka.

Skade mot ulempe

Målet med denne rettssaka er å avgrense skaden fram til ein eventuelt vinn fram i hovudsaka for domstolen.

Forenkla sagt er det altså to trinn på denne stigen:

  • Er det sannsynleg at det er gjort vesentlege og avgjerande sakshandsamingsfeil

  • Vil det kunne oppstå uopprettelege skadar om ein ventar til dette er avgjort i hovudsøksmålet

Sunnmøre tingrett må også vurdere «gevinsten» av ein eventuell tvangsstans opp mot kva ulemper dette påfører Haram Kraft AS, og den må vurdere om Nei til vindkraft på Haramsøy kunne eller burde nådd fram på andre måtar enn gjennom denne saka – til dømes gått til søksmål på eit tidlegare spørsmål.

Faktafeil og svekka lønsemd

Nei til vindkraft på Haramsøya har i denne saka lagt vekt på både feil i faktagrunnlaget og prosessen i saka. Dei meiner at skulle ha lagt endringar i konsesjonsvilkåra fram for offentleg høyring, og at det kunne ha endra utfallet.

Når det gjeld faktagrunnlaget er det særleg lagt vekt på manglande utgreiing av konsekvensane for fugle- og dyrelivet. I tillegg meiner dei at samfunnsnytten har vorte svekka ved at det var mangelfull utgreiing av vindressursen.

Her er det Dagmar og trollflaggermusa spelar ei hovudrolle.

Etter at Dagmar raste over Sunnmøre i romjula 2011 fekk nemleg både utbyggjar og turbinleverandørar kalde føter. Ekstremvind og turbulens medverka til at prosjektet vart kraftig krympa.

Sjølv om det førte til at inngrepet vart mindre, meiner Nei til vindkraft på Haramsøya at det førte til ei så sterkt svekka samfunnsnytte at det kunne slått beina under konsesjonen.

Flaggermus og fugl

Men også vengjer kan skape storm.

Konsekvensane for flaggermus var ikkje greidd ut i det heile i 2008. I år er det slått fast at det er minst fire artar på Haramsøya, mellom dei den raudlista trollflaggermusa som Norge er internasjonalt forplikta til å identifisere og verne. Heller ikkje fugletrekket langs kysten er godt nok greidd ut meiner dei.

Haram kraft AS meiner på si side at ingen eventuelle feil er så avgjerande at konsesjonen må kjennast ugyldig. Feil kan ha oppstått og vore gjort undervegs, men anten er dei ikkje så alvorlege at dei ville fått dette som konsekvens, eller så er dei retta opp før det endelege vedtaket – seinast stadfesta av Olje- og energidepartementet i vår.

Ikkje uoppretteleg

Og der Nei til vindkraft på Haramsøya meiner det er avgjerande å stoppe anleggsarbeidet no, meiner Haram kraft at dei økonomiske konsekvensane er for store, Nei til vindkraft på Haramsøya kunne handla før og sjølv om konsesjonen skulle verte kjent ugyldig i ei hovudrettssak om nokre veker eller månader, så er ikkje skadane i terrenget uopprettelege og irreversible.

No er det opp til Sunnmøre tingrett å ta stilling. Det må skje innan to veker.

Då får vi sjå om trollflaggermusa kan velte vindturbinar på 150 meter – eller i alle fall stanse dei ei stund.

Uansett utfall her er neppe siste ord sagt.