Kronikk:

«Det meste av St. Olav er lokalsjukehus»

Dersom Helse Midt likevel vil innføre særfinansiering av universitetssjukehuset, må ein argumentere grundig og tydeleg, skriv overlege Rune Heggedal i denne kronikken.

Overlege: Rune Heggedal er overlege i Volda og har vore styremedlem i Helse Midt-Norge.  Foto: Olav Standal Tangen

Meninger

Val av finansieringsmodell for helseføretaka er det viktigaste verkemiddelet for å sikre rettferdig fordeling av helsetenestene mellom innbyggjarane i helseregionen. Dette gjeld både for å få helsetenester av like god kvalitet, men også for å sikre likast mogeleg tilgjenge til tilbodet for alle innbyggjarane våre. Likt tilgjenge er det vanskeleg å oppnå for alle typar tenester fordi avstanden og reisetida for nokre høgspesialiserte helsetenester er til dels svært ulik, sidan desse tenestene berre vert gjevne ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Eksempel på dette er behandling med hjartekirurgi, hjartekateterisering (PCI) og nevrokirurgi. Avstand og reisetid er lengst og dermed tilgjenget dårlegast for akutte tenester innan desse fagområda for folket i Møre og Romsdal, og aller dårlegast for dei som bur på Sunnmøre.

Det må nok ofte vere slik for akutthjelp i så høgspesialiserte fagområde, men dette kan likevel ikkje vere noko argument for at publikum i vårt fylke skal ha dårlegare tilgjenge på tenester som kan gjevast med like god kvalitet på våre eigne sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Eksempel på dette er akuttkirurgi, indremedisin og fødetilbod/nyføddmedisin.

Korleis pengane vert fordelt mellom sjukehusa og mellom dei ulike helseføretaka i Helse Midt-Norge, er vesentleg for å oppnå eit rettferdig sjukehustilbod. Finansieringsordninga må vere slik at særskild kompliserte behandlingstilbod (universitetssjukehusfunksjonar) i Trondheim vert godt nok finansierte, slik at vi kan sikre god kvalitet og kapasitet på desse fagområda, til beste for alle innbyggjarane i regionen.

Men finansieringsordninga må også vere slik at lokalsjukehusfunksjonane ved sjukehusa i Møre og Romsdal kan ha like god kvalitet og tilgjenge for folk her, som det tilsvarande lokalsjukehusfunksjonar har for dei som bur i Trondheim-området. Og St. Olavs hospital er ikkje berre universitetssjukehus for alle i helseregionen vår, det er også eit stort lokalsjukehus. Det meste av ressursbruken går med til lokalsjukehusfunksjonen. Dette bør også finansieringsordninga spegle.

Finansiering etter objektivt behov

For å sikre rettferdig fordeling mellom helseføretaka, bør finansieringsordninga vere mest mogleg objektiv, og alle eventuelle særfinansieringselement må vere tydelege og etterprøvbare. Magnussen 2-modellen har ei slik objektiv innretning der det er tatt høgde både for behovsskilnader i befolkninga i kvart føretaksområde basert på alder, sjukelegheit og geografi, men også på kostnadsulemper som universitetssjukehuset gjerne har. Slike faktorar kan vere omfanget av forsking og av utdanning av legespesialistar. Kostnadsulemper som universitetssjukehusa har er inkludert i Magnussen 2-modellen.

Finansieringsmodellen må stimulere til effektiv drift

Sjukehussektoren må som all anna offentleg verksemd drivast effektivt. Sjukehus må kunne samanliknast for at vi kan lære av dei som driv mest effektivt og likevel med god kvalitet. På same måte må dei ulike helseføretaka kunne samanliknast når det gjeld kostnad for dei same oppgåvene. Slike tal har vi, DRG-indeks. Også universitetssjukehusa kan samanliknast med tanke på effektivitet. DRG-indeksen for 2019 er 0,955 for Helse Bergen, medan St. Olavs har 1,070, altså vel 10 prosent høgare gjennomsnittleg kostnad.

Dersom Helse Bergen kan behandle pasientar billegare enn St. Olav, bør kunnskap om dette kunne brukast til forbetring på vårt universitetssjukehus. Helse Møre og Romsdal er mest effektivt av føretaka i Helse Midt (DRG-indeks på 0,972). Vi har likevel ikkje greidd å halde dei budsjetta vi var tildelte etter noverande finansieringsmodell.

75/25 fordeling mellom objektivt behov og historisk kostnadsnivå

Helseføretak og sjukehus som no driv med høgare kostnad enn gjennomsnittet kan ikkje få vidare amnesti til dette. Det objektive behovet for økonomiske rammer etter Magnussen 2-kriteria må ha høgare vekt enn noverande/historisk reelt kostnadsnivå. Dette oppnår vi med 75/25 prosentvis fordeling mellom objektivt behovsnivå og noverande kostnadsnivå.

Alternativ som 50/50-fordeling inneber at ein godtek høgare kostnadsnivå for dei som driv dyrast utan at det vert grunngjeve nærare, og utan at det er nokon ytre motivasjon eller press for å organisere seg meir effektivt.

Finansieringsmodellen må ha legitimitet

Noverande finansieringsmodell har svært dårleg legitimitet i Møre og Romsdal. Trass i at vi har den mest effektive drifta målt i DRG-indeksar, har den interne fordelinga av midlar ført til at Helse Møre og Romsdal har opparbeidd seg milliardgjeld til Helse Midt-Norge.

Det er ei utbreidd oppfatning i Møre og Romsdal at det er for nær geografisk og personellmessig kopling mellom Helse Midt og St. Olavs hospital, og at noverande finansieringsmodell er rigga for å sikre finansieringa av eige lokalsjukehus, til ulempe for Helse Møre og Romsdal. Dette har fleire tidlegare styremedlemer frå vårt fylke hevda offentleg den siste tida. Den nye finansieringsmodellen må vere basert på objektive, nasjonale kriterium slik at denne typen mistillit vert avverja.

Helse Midt-Norge har eit kritisk søkelys på seg i denne saka. Alle ordførarane i Møre og Romsdal har på vegner av innbyggjarane i sin kommune skrive brev med krav om ei meir rettvis fordeling av sjukehusmidlane. Fordeling etter Magnussen 2-kriteria med 75/25-fordeling vil sikre både at innbyggjarane i Møre og Romsdal får gode helsetenester, men også at dei særskilde universitetsfunksjonane ved St. Olavs vert godt nok finansierte. Slike kostnadsulemper for universitetssjukehusa er innarbeidde i den nasjonale behovs- og kostnadsanalysen. Ny finansieringsmodell i Helse Midt må i all hovudsak basere seg på overordna nasjonale fordelingsprinsipp slik at ein unngår strid og at det vert kasta mistankar om skeivfordeling ut frå kvar hovudkvarteret for det regionale helseføretaket er plassert, og kvar den geografiske makta i styret ligg.

Dersom Helse Midt likevel vil innføre særfinansiering av universitetssjukehuset, må ein argumentere grundig og tydeleg kvifor dette er nødvendig i forhold til det som allereie ligg i Magnussen 2-fordelinga. Og kvifor det kan vere rimeleg ut frå samanlikninga med Helse Vest RHF / Helse Bergen HF.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!