Skal det gå same vegen med Distrikts-Noreg som på landsbygda i USA. Skal storkapitalen få øydeleggje Norge også.

Pengemakta har vorte for sterk også i Norge. Sentralisering der storkapitalen har kjøpt opp landbruket har ført til håpløyse på landsbygda i USA. I Norge opplever vi at Høgre-regjeringa bruker EØS avtalen til å selje norsk natur, kraftproduksjon og jernbane til pengemakta i EU.

Er pengemakta i ferd med å overkjøre folkemakta? Er vi i ferd med å miste fridomen vår og eit reelt og levande folkestyre? I særleg grad gjeld dette i dag vindkraftsaka, men også Stad skipstunnel. Det grøne skiftet er bra, men no er det styrt av pengemakta og ikkje av folkemakta.

I vindkraftsaka får pengemakta subsidiar frå staten og folket må betale nettutbygginga. Dei fattige må betale til dei rike.

Stad skipstunnel kostar mindre enn overskridinga av budsjettet på jernbaneutbygging i Osloområdet.

Venstre har dei to einaste ordførarane i Norge på kvar si side av Stad. Når Venstre ikkje støtter Stad skipstunnel syner dette at Vestlands-Venstre har tapt kampen med by-Venstre.

Den tidlegare KRF-ordføraren i Vanylven kommune har vore den sterkaste drivkrafta for Stad skipstunnel. Både Venstre og KRF slit med å kome seg over sperregrensa. Både Venstre og KRF vil tape mange stemmer både på vindkraftsaka og Stad skipstunnel om dei vel å underkaste seg Høgre i desse sakene.

Per Sævik fortalde at Havila hadde investert 500 million kroner i batteripakker for å tilfredsstille politikarane sine krav om utsleppsfrie skip i Geirangerfjorden. No er det fare for at storkapitalen fer regjeringa til å utsett desse krava til 2030.

Stad skipstunnel er kostnadsrekna til 2,7 milliardar kroner. Dette er vesentleg mindre enn Nordøyvegen og vesentleg mindre enn overskridingane på jernbaneutbygginga i Oslo-området.

Fordelane med Stad skipstunnel for Distrikts-Noreg er mange, fordi mindre båtar slepp å krysse det vêrharde og farlege Stadhavet – kystruta til Havila, laksefrakt, hurtigbåtar, fraktebåtar, fiskebåtar, private båtar osv.

Dette vil også verte ein stor turistattraksjon. 2,7 milliardar kroner er småpengar i forhold til kryssing av Breisundet og Moldefjorden.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!