Og kan regjeringa gjere noko anna enn å klippe snorer? Ikkje sjeldan ser me at stortingspolitikarar generelt, og regjerande politikarar spesielt, vegrar seg for å meine noko.

I viktige saker innanfor felt som gjeld sjukehusstruktur, organisering av høgskulane, fylkes- og kommunestruktur held dei seg passive, og vegrar seg for å føre ein ærleg meint samtale med dei som er involverte – med dei som opplever at noko gjekk gale. Ein gong i fortida blei det lagt luftige politiske, meir og mindre gjennomtenkte føringar, sidan gav dei som skulle styre frå seg styring og initiativ. Dermed vil heller ikkje dei som er direkte involverte eller blir råka av uheldig planlegging, i praksis ha noko dei skulle ha sagt. Ingen kan eller vil tale deira sak.

Slik er det også i den gigantiske vindparkutbygginga som rir landet vårt i desse dagar. Her kjem underskotet på demokrati kanskje sterkast til uttrykk, og får dei mest uheldige konsekvensane.

At det arbeidet som i si tid la grunnlaget for vindkraftutbygging og framtidige konsesjonar, er eit skuleeksempel på dårleg og lite gjennomtenkt planlegging, er det liten tvil om. Det vitnar ikkje minst dei nye partiprogramma om, dei som blir utarbeidde i desse dagar og skal gjelde for ein ny stortingsperiode, etter valet 2021.

I framtida skal det faktisk takast omsyn til både natur, internasjonale verneavtalar, innbyggjarar som blir direkte råka, samisk kultur osv. Kort sagt vil ein stille strengare krav til utbygging og utbyggjarar. Ein lovar å lytte til lokale røyster og ta omsyn til lokale politiske vedtak.

Men i denne framtida er dessverre det meste for seint. Me er allereie i dag midt inne i ei gigantisk og irreversibel rasering av norsk natur. Fleire og fleire ser at dette, på toppen av det heile, ikkje er til nokon nytte, anna enn for store, sterkt subsidierte investorar på den internasjonale energimarknaden.

Dei som får dette innover seg, og ikkje møter noko anna enn ei kald skulder frå den politiske leiinga og likegyldig politisk taktikkeri frå opposisjonen, tek åleine på seg ansvaret for å rette opp det som gjekk gale. Dei går til domstolane for eiga rekning! På denne måten ønskjer dei å berge natur- og bustadmiljø. Dei tek på seg ansvaret der andre sviktar. Men i retten møter dei ikkje rette vedkomande.

Motparten er utbyggjarane, som allereie har fått grønt lys og lovnader om nødvendig pengestøtte frå politikarar og forvalting. Dermed går det slik det kanskje berre må gå, med tap opp og tap i mente.

Reindriftssamane i Nordland, som tok på seg eit ansvar andre skulle ha teke, sit att med tap av natur, eige livsgrunnlag – og dermed også eigen kultur. På toppen av det heile kjem ei rekning på ruinerande, nærare 2 millionar i sakskostnader. Slike saker har det vore fleire av, og fleire vil kome.

Styresmaktene snur ryggen til, og politikarar meiner at lovnader om at dei skal gjere dette betre neste gong får halde.

Dei som let vere å sikre nasjonale og internasjonale natur- og verneinteresser, og ta omsyn til naturfolk og andre som er direkte råka av katastrofen.

Dei som glatt overlèt til utbyggjarar å ordne ut med forsvarleg naturforvalting, nødvendige undersøkingar av fjellgrunn og nødvendig omsyn til dei som trass alt skal leve med verknadene av dei omfattande inngrepa i natur og bumiljø. I staden for å ta grep og styre, overlèt dei heller til bukken å passe havresekken.

Og kunne ein verkeleg ha gått til sak mot rette vedkomande, NVE og OED, tilseier erfaring at ein måtte rekne med eit smerteleg og kostbart tap. I litt for mange saker har me sett at dommarane helst dømmer slik styresmaktene ønskjer.

Då planane om ei stor satsing på vindkraft kom opp, var det få som såg at dette kunne gå gale. Når det syner seg at det meste faktisk går gale, og ingen vil gripe inn for å reversere ferda mot katastrofen, er landet vårt i praksis utan styring.

Det som kanskje er verst opp i det heile, er at mange misser både respekt og tiltru til dei institusjonane som skal styre og dømme i landet vårt, og at dette i lengda – ja, allereie i dag, utgjer ein alvorleg trussel mot demokratiet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!