Denne ordvekslinga finn vi i ei møtebok frå Losje Rundabrand, datert 26. januar 1913 då tema for diskusjonen var «Kvinna hennar uppgaave og stilling i samfundet».

Til dagleg jobbar eg som rådgjevar for private arkiv ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal.

I sommar mottok vi arkivet etter Losje Rundabrand, som var aktiv på Runde frå 1905 til 1916. Losjeforeininga var underlagt IOGT.

Då eg leste dette referatet hadde Belle Gunness-saka akkurat vore omtala på tv2.no. Mange av dykk har sikkert lese om Brynhild Paulsdatter Størseth frå Selbu, som emigrerte og vart USA sin mest berykta kvinnelege seriemordar under namnet Belle Gunness.

Eg vart overraska over at folk i «Utkant-Noreg» var opptatt av denne saka berre nokre få år etter at den vart kjend i USA. Men protokollen syner altså at medlemmane var godt informerte både om motar i Paris og jordbruksmaskiner i Amerika, sjølv om hovudfokuset i møta oftast var eit bibelsitat, fråhaldssaka eller andre aktuelle samfunnstema.

Vi har alle våre førestillingar om korleis folk i fortida levde. Kva dei var interesserte i, var orienterte om og meinte. Men der finst ikkje så mange kjelder som syner akkurat dette. Dersom nokon hadde eit offentleg verv kan haldningane til vedkomande kome til uttrykk gjennom referat i møtebøkene til kommunestyre og formannskap til dømes.

Men majoriteten av folk sat ikkje i slike posisjonar. Og heilt fram til midten av 1900-talet var berre nokre få prosent av kommunestyremedlemene kvinner. Heller ingen barn sjølvsagt.

Frå møtebok 1905–1913 Losje Rundabrand. Foto: Ottar A.B. Anderson/SEDAK

Folk i ulike aldersgrupper var derimot med i lag og organisasjonar. Når nokon melde seg inn i ei foreining, vitnar det om samfunnsengasjement, om eit ønske om å påverke samfunnsutviklinga. Og i møteprotokollane kan vi finne referert kva diskusjonar dei deltok i og kva dei sa, noko som gir ein ny dimensjon til kva inntrykk vi får av både fortida og menneska som levde i den. Kva saker dei arbeidde for fortel om kva som var viktig for dei og lokalsamfunnet dei var ein del av.

Slike spor etter formødrene og forfedrane våre kan vi finne i arkiva etter lag, foreiningar og organisasjonar. Slike arkiv består av medlemslister, møteprotokollar, rekneskap, korrespondanse og diverse anna avhengig av kva foreininga jobba for.

I slik type dokumentasjon ligg der mange lag av informasjon. Om kva ein kollektivt jobba fram, om enkeltpersonar, om relasjonar og haldningar i samtida. Og mykje meir for den som vil leite. I og med at der ofte fanst liknande lag og foreiningar i mange lokalsamfunn eignar arkiva seg også godt til komparative studiar.

Arkiva ligg på loft, i kjellarar og i buer i mange heimar og forsamlingshus. Frå lokale speidarforeiningar, misjonsforeiningar, husmorlag, songkor, korps, idrettslag, ungdomslag, skyttarlag, losjar, pensjonistlag, politiske parti, helselag, sanitetsforeiningar, bondelag, bygdekvinnelag, revmatikarforeiningar, mållag, teaterlag, filmklubbar osb.

Andre helga i november kvart år vert Arkivdagen markert av arkivinstitusjonar i heile Norden.

I år er temaet «fritid», som losjeforeininga på Runde kan vere eit døme på. Kjeldene til folk si fritid finst i stor grad i arkiv frå lag og foreiningar, og då er det naudsynt å få samla og ta i vare desse privatarkiva, dvs. arkiv etter lag og foreiningar. Men i motsetning til statlege og kommunale arkiv finst det ikkje noko lovpåbod om å bevare private arkiv, som òg omfattar arkiv etter bedrifter, institusjonar og privatpersonar.

Mange privatarkiv står difor i fare for å gå tapt for alltid. Hovudgrunnen til dette, ved sida av det manglande lovvernet, er behovet for ei auka offentleg finansiering av dette arbeidet. I dag finst berre ei tilskotsordning til enkeltprosjekt, men langt frå alle søknader om støtte blir innvilga. Dette inneber at bevaring av denne delen av vårt kollektive minne har vore, og er, i stor grad prisgitt private initiativ. Dei private arkiva er difor sterkt underrepresentert i den samla norske arkivbestanden.

Det blir likevel arbeidd systematisk med bevaring av privatarkiv: På nasjonalt plan koordinerer Riksarkivaren arbeidet, og fylkeskommunane har peikt ut ansvarsinstitusjonar som koordinerer arbeidet og driv nettverk i sine fylke.

I Møre og Romsdal er det Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal som har denne rolla. Vi har regionmusea som gode samarbeidspartnarar. Ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal har vi også ei privatarkivordning der 17 av kommunane i fylket i dag er medlemmar, i tillegg til primærfunksjonen vår som er bevaring av dei kommunale arkiva.

Frå desse kommunane tek vi imot privatarkiv, t.d. er losjeprotokollen frå Runde bevart fordi Herøy kommune er med i privatarkivordninga. Målet vårt er å samle inn og bevare ein mest mogleg representativ samfunnsdokumentasjon for framtida.

Ein kanadisk arkivar skreiv ein gong at arkivinstitusjonane bevarer hyllekilometer med dokumentasjon av offentlege byråkratar som snakkar med kvarandre, men lite dokumentasjon frå menneska sine levde liv. Slik er det i stor grad også i Noreg. Det er på tide at det vert gjort noko meir for å endre på dette.

Arkiv er levd liv.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!