Vestlandet har eit eksportretta næringsliv, og no ser vi at store deler av marknadene og internasjonal etterspurnad etter tradisjonelle varer og tenester er fråverande. Om målet er å få i gang nødvendig omstilling og innovasjon gjennom offentlege investeringar, er nedgang i statlege investeringar og støtte til næringslivet på Vestlandet feil strategi – ikkje berre for Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal, men for nasjonen Norge.

Gjennom sine ressursar, teknologi og arbeidskraft, vil denne landsdelen gjennom omstilling og innovasjon framleis vere landets skattkammer inn i framtida. Dersom vi samanliknar oss med andre industriland, utgjer eksporten frå Norge ein mindre del av BNP – brutto nasjonalprodukt – enn det gjer hjå konkurrentane. Derfor er nasjonaløkonomien og velferdssamfunnet vårt svært avhengig av eksportinntektene som i stor grad vert skapt på Vestlandet.

Botnlinja er skrapa

I forslaget til statsbudsjett for 2021 saknar vi eit samla grep for dei kritiske tilhøva vestnorsk eksportindustri står i. Oljeinvesteringane går ned, den maritime leverandørindustrien og verfta opplever sviktande etterspurnad, og reiselivsverksemdene er anten stengde ned, eller går med svært redusert kapasitet. Dei mange tusen små og store verksemdene treng offentlege vekstimpulsar for å halde butikken gåande og sikre nasjonen eksportinntekter, uansett kor annleis den nye «normalen» vert.

Størst er den akutte krisa i reiselivet og maritime næringar. Offshorereiarlaga står utan oppdrag og verftsindustrien har tomme ordrebøker. Dette er alarmerande og snart kan vi bli vitne til massiv nedstenging og permitteringar i desse utsette næringane.

For det første må den kortsiktige effekten av koronapandemien handterast. Den råkar oss direkte og hardt allereie, men vi veit heller ikkje korleis dei langsiktige ringverknadene vil fortona seg. På same tid står næringslivet ovanfor ei pålagt omstilling som fylgje av mål om berekraft og reduksjon i utslepp av klimagassar.

Det som skil krisa frå katastrofen, er at krisa opnar for omstilling og aksjon medan katastrofen set sluttstrek. Vi er ikkje der enno, men vi må få tilbake gründerand og optimisme i næringslivet vårt før det er for seint. Enno er det tid for å gjere noko, til å vise politisk handlekraft og få på plass vekststimulansar som vil gi synlege verknader.

I førarsete for omstilling, teknologiutvikling, og innovasjon

Verftsindustrien er eit godt døme på dei mange eksportretta næringane på vestkysten, som no har kniven på strupen. På rekordtid har mange av verfta klart å snu seg rundt og trekt til seg krevjande kundar med kontrahering av miljøvenlege skip og fartøy med ny teknologi. Dette skapar store verdiar lokalt blant underleverandørar, men samstundes er dei tett knytt til internasjonale verdikjeder.

Ta skipsverfta i Ulsteinvik som eit døme: Ved bygginga av «Color Hybrid» vert 46 prosent av innkjøpsverdien levert av norske verksemder. Dei norske leverandørane får både oppdrag og synt seg fram på den internasjonale marknaden. I sum driv dei fram konkurransefortrinn av nasjonal strategisk verdi. Slike framtidsretta verksemder må ikkje settast i fare på grunn av eit virus, og manglande tiltak og støtte frå regjering og storting.

Tre satsingsområde for økonomisk førstehjelp

Vestlandsrådet med dei tre vestlandsfylka ser fleire område der det er mogeleg å innrette økonomisk førstehjelp for å halde oppe næringsaktivitet på Vestlandet gjennom koronakrisa.

Først og fremst må ein ta inn over seg alvoret for viktige deler av næringslivet på Vestlandet som følgje av koronakrisa. Dette gjeld både aktiviteten innanfor olje- og gassutvinninga og eksportnæringar innanfor tradisjonelle varer og tenester. Vi står oppe i ein situasjon der det trengst førstehjelp for å komme oss gjennom den verste krisa.

Midlertidige skatte- og avgiftspolitiske tiltak for verksemdene kan bidra til å halde aktivitetsnivået oppe, og medverke til at høgkompetent arbeidskraft på Vestlandet kan utvikle ny berekraftig teknologi og næringsaktivitet når koronakrisa er over. Utan slik hjelp vil det neppe vere særleg mykje att av dette viktige høgkompetente næringslivet når det kjem betre tider og omstilling for alvor skal ta til.

For det andre treng Vestlandet eit solid løft på samferdselsinvesteringane. Mange av dei store og viktige prosjekta er utvikla og planlagt over mange år og vegnettet har eit betydeleg vedlikehaldsetterslep på bruer og tunnelar. I tillegg til dei store vegprosjekta, må og vegnettet til dei store og små verksemdene ute i distrikta utbetrast og rassikrast. No er det investeringsvedtak som må til.

Bra for Vestlandet – bra for Norge

Dei tre fylka på Vestlandet er sterkt fokusert på verdiskaping, lønsemd og utvikling av robuste og berekraftige arbeidsplassar. Vi har føresetnadene i havet, i landskap og energi, og med innbyggjarar og næringsliv som er vant med å ta i eit tak og to når det trengst. Men vi kan ikkje hanskast med økonomiske tyngdelover åleine. Det som trengst no er kortsiktige og midlertidige tiltak for å komme oss gjennom koronakrisa, og vere klar til nyskaping og omstilling, når normalsituasjonen inntrer og olje- og gassnæringa skal fasast ut.

Vi set vår lit til at regjering og Storting gjennom statsbudsjettet for 2021 løfter fram våre tre satsingsområde for økonomisk førstehjelp for næringslivet på Vestlandet, slik at vi unngår katastrofen med omfattande nedstenging, arbeidsløyse og pessimisme.

Gjennom oljeeventyret vart lykkelandet Norge skapt på Vestlandet. No må vi i fellesskap sjå framover mot nye eventyr på Vestlandet, som heile Norge vil nyte godt av.

Vår ambisjon er at Vestlandet på verdsbasis skal bli ein leiande havregion innan marine og maritime næringar, samt den fremste energiregion for utvikling og produksjon av nye energikjelder som hydrogen og havvind.

Vestlandet sitt landskap med fjordar og fjell er ei kjent merkevare for reiseliv og turistar. Gjennom attraktive og berekraftige opplevingar skal Vestlandet framleis vere ein svært etterspurd reiselivsdestinasjon både for innanlandske og utanlandske besøkande.

Artikkelforfattar: Fylkesordførar Tove-Lise Torve, Møre og Romsdal.
Artikkelforfattar: Fylkesordførar Marianne Chesak, Rogaland.
Artikkelforfattar: Fylkesordførar Jon Askeland, Vestland.