Til alt overmål er nokre av desse kommunane tvinga inn i ein kommune dei ikkje opplever å vere ein del av.

Har du nokon gong sett eit innlegg der ein ålesundar er oppteken av at «dei andre», altså vi som har nynorsk som vårt skriftspråk, lid urett? Denne tvangen Gunnar Herfjord nemner har nynorskbrukarar opplevd i over 100 år.

Det som er problemet her er at ålesundarar kan berre eit språk sjølv etter eit stortingsvedtak om to skriftspråk i landet. I bygdene rundt byen kan vi både bokmål og nynorsk. Kanskje «unge Høgre»-ungdommar med bakgrunn i dette skulle slutte å motarbeide «sidemålsstilen».

Dersom Gunnar Herfjord hadde lært seg norsk språksoge hadde han visst at «målføre» tyder dialekt, og det burda han ha lært elevane sine.

Elles vil eg i denne samanheng gi eit godt tips til kultursjefen i Ålesund: ta for deg salmane og songane til stortingsrepresentant og statsråd Elias Blix så vil du oppdage at ein kan formidle både realitetar og kjensler ved hjelp av nynorsk språk.

Eg undrast om du har tenkt over ar slike påstandar verkar sårande på oss som nyttar eit språk som ikkje er brukbart i kvardagen.

Det rare er at ved somme høve oppdagar ålesundarar at språkgeniet Hartvik Kiran var fødd i byen.

Eg veit at det finst mange vidsynte ålesundarar. Med dette innlegget bed eg om respekt for mitt språk og mine kjensler. «Skitkasting» trengst ikkje i ei sakleg usemje.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!