Eg har vore av dei mange som har vore svært skeptisk til å verte ein del av ein så stor kommune. Når det likevel vart ein realitet, har eg vore spent på å sjå utviklinga og korleis det ville utarte seg for oss på Nordøyane. For, ja, eg har tatt eit val. Eg vil bu på Haramsøya og sjå ungane mine vekse opp her kor det er så godt å bu. Vi er midt i husbygging, og har sett fram til å ta del i alt som skjer her ute av tilbod.

Det er godt samhald på øyane, og som på andre plassar har vi kulturtilbod og fritidsaktivitetar for både unge og vaksne. Vi er omringa av fjell og fjøre som vi nyt godt av. Dei siste åra har fleire småbarnsfamiliar flytta hit, og med Nordøyvegen er det optimisme.

Derfor kjenner eg at det tek på, veldig, å heile tida måtte kjempe for det som vi har kjært. I seinare tid har vi hatt fleire rundar, mellom anna for å få Nordøyvegen, kunne behalde helsetilbod og no står vi midt i ein intens kamp for å bevare natur og fjell. No fryktar eg at det er snakk om kamp igjen … for å behalde skular og barnehagar, og den kampen tek vi. Alle veit at dersom skular og barnehagar vert lagde ned, bygg ein ned samfunna.

Kvifor er kommunen med på ei slik utvikling? Kan ikkje ein heller sjå på kva tiltak ein kan gjere for å gjere det attraktivt å bu på Nordøyane? Følg opp intensjonen med Nordøyvegen!

Eg meiner at det er viktig å ha levande bygdesamfunn. Kvifor må alt sentraliserast og bli til enorme einingar? Faren er at ikkje alle blir sett og høyrt. Det er det som skjer med oss på øyane akkurat no.

Det kjennest ut som å bli dolka i ryggen, og det må kommunen halde seg for god til. Her har vi satsa for å bygge og bu, og ventar på at Nordøyvegen skal lokke endå fleire utover. Då er det rystande å lese i Sunnmørsposten at foreldre som ønskjer plass til borna sine på barnehage får avslag, til tross for at vi veit at her er både plass og bemanning nok. Dette rimar ikkje.

Når ein er komen i ein slik uheldig økonomisk situasjon som Ålesund kommune står i no, er det ekstra viktig å gjere rette prioriteringar. Det blir heilt feil å redusere skule og barnehagetilbod på den måten som kommunen signaliserer no. Tenk framover, og tenk konsekvensar av val som blir tekne! Dette er mangelvare for tida …

Med ønskje om ei lys framtid for Nordøyane og resten av Ålesund kommune.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!