Nyleg kom denne meldinga via messenger: «Hei Hanna, eg fekk ein snål e-post frå deg i dag, du bør vite at nokon misbrukar namnet ditt».

Det er blitt mange tilsvarande meldingar siste tida. Takk til alle som har varsla. Mange har fått e-post som tilsynelatande er frå meg, som fortel at dei kan tene på renteauke, og at inntektene deira kan overstige den årlege inntekta. Avsendaren er falsk.

Ved å trykke på avsendaren vil ein sjå at e-postadressa er info@priskriget.com, libero.it eller noko anna, som verken har med meg eller smp.no å gjere. Men når ein er i farta, er det ikkje alltid ein tenker over dette.

Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, har i det siste opplevt at svindlarar misbrukar namnet hennar. Foto: Gorm Kallestad

Sjølv om slike meldingar ofte hamnar i søppelfilteret på pc-en, er det likevel ein risiko for at mange blir lurt. Dessverre er det lite som kan gjerast for å stoppe misbruket, bortsett frå å informere og be folk vere merksame.

Kriminelle som bruker e-post til å svindle folk, blir stadig meir utspekulerte, så ver obs på dette:

• Det er muleg å opprette ei vilkårleg e-postadresse, og så bruke ein persons namn som visingsnamn. Det var på denne måten namnet mitt vart misbrukt, og fleire har opplevd det same.

• Det er også muleg å forfalske sjølve avsendaradressa for å gjere svindelen endå vanskelegare å avsløre. Det er til dømes sendt falske e-postar frå post@skatteetaten som ikkje er frå skatteetaten. Svindlarar har sendt ut melding om at personen har skattepengar til gode, og at ein må fylle ut skjema for å få utbetalt pengane.

• Ein annan metode er å opprette eit luredomene, det vil seie eit namn som til forveksling liknar det rette namnet, og så sende e-postar frå dette falske domenet.

•Misbruk av logoar. Både Posten og Brings logoar er blitt misbrukt. Sjølv fekk eg nyleg ein e-post som tilsynelatande var frå posten. Eg vart truga med gebyr, dersom eg ikkje henta ein pakke snarast. Gebyret kunne betalast ved å klikke på ei lenke i meldinga. Heldigvis var det lett å avsløre dette som humbug. Pass på i vekene framover mot jul: Svindlarar bruker denne metoden når det er mange som handlar på nett og ventar pakkar i posten, og generelt har det travelt.

Kva gjer du så dersom du er blitt lurt? Det er i alle fall ingen grunn til å skamme seg, for dette kan skje med kven som helst.

• Dersom du er i tvil om ein e-post er ekte, kan det vere lurt å ta kontakt med vedkomande som er oppført som avsendar, via ein annan kanal enn e-post.

• Det er i utgangspunktet ikkje farleg å trykke på lenker. Det er det du gjer etterpå, som kan medføre risiko. Sjekk derfor alltid nettadressa før du oppgir personleg informasjon.

• Dersom du har oppgitt bank- eller kredittkortopplysningar til det som viser seg å vere svindel, bør du straks ta kontakt med banken din eller kortselskapet.

• Dersom du har gitt opplysningar om pålogging til ein nettstad som viser seg å vere falsk, bør passord endrast på alle dei nettstadane og tenestene der dette passordet blir brukt.

* Ta i bruk to-trinns verifisering der det er muleg (det vil seie at du bruker eingongskode i tillegg til passordet for pålogging).

Ifølge NorSIS – Norsk senter for informasjonssikring – er det mange som blir utsett for såkalla direktørsvindel. Denne forma for svindel går ut på å lure ein økonomimedarbeidar til å utbetale beløp, ved at det blir sendt falsk e-post frå overordna i bedrifta. Svindlarane må ha brukt tid på å skaffe seg oversikt over nøkkelpersonar i dei aktuelle bedriftene, for å vite kven som skal vere både avsendar og mottakar. Ver ekstra kritisk når du får melding om ukjent utbetaling som det hastar med å gjennomføre.

Pornosvindel er ein annan framgangsmåte. Svært mange har fått e-postar med usanne påstandar om at dei er blitt hacka, og filma medan dei har sett på porno. Breva kjem i ulike variantar, men poenget er utpressing. Ikkje la deg lure til å betale ut pengar.

E-post er ein viktig del av kvardagen vår, og eit svært nyttig hjelpemiddel. Alt som er bra, kan bli misbrukt, og derfor er det viktig å vere på vakt. Dersom du no sit att med ubesvarte spørsmål, vil eg anbefale deg å gå inn på nettvett.no. Eg har sjølv hatt nytte av informasjonen på nettsida i arbeidet med denne artikkelen.

Nettvett.no er eit samarbeid mellom Nasjonal sikkerhetsmyndighet, Nasjonal kommunikasjonsmyndighet og NorSIS – Norsk senter for informasjonssikring – og gir mange nyttige tips og råd til både forbrukarar og bedrifter. Der kan du også finne malar som kan brukast dersom du vil melde svindelforsøk til politiet.

Svindlarar sender ut e-post som tilsynelatande er frå skatteetaten med melding om at ein har skattepenger til gode. Foto: Cornelius Poppe/NTB